Bamberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bamberg
Det gamle rådhuset i Bamberg
Det gamle rådhuset i Bamberg
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Bamberg
Bamberg is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Bayern
Oberfranken
Kreisfri by
Først nemnd i 902
Geografi
Flatevidd
 - By

54,58 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)
   - folketettleik

70 063
  1 284/km²
Koordinatar 49°53′0″N 10°53′0″EKoordinatar: 49°53′0″N 10°53′0″E
Høgd over havet 230-386 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 96001–96052
Telefon-retningsnummer 0951
Bilnummer BA
Heimeside: www.stadt.bamberg.de

Bamberg er ein by i Tyskland i delstaten Bayern med om lag 75 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Regnitz i regionen Oberfranken, like før elva munnar ut i Main.

Gamlebyen i Bamberg er ein del av verdsarva til UNESCO.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Bamberg ligg 63 km nord for Nürnberg med jernbane og 101 km aust for Würzburg. Byen ligg ved elva Regnitz, 3 km før ho munnar ut i Main. Byen ligg òg ved foten av Steigerwald.

Bamberg strekkjer seg over sju åsar, som Roma, med ei kyrkje på kvar åstopp. Det har ført til at Bamberg har vorte kalla «Frankisk Roma».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Etter romartida slo germanarar seg ned i området, og vart etter kvart ein del av bispedømet Bamberg, som stort sett var busett av slavarar. Byen vart først nemnd i 902, og voks opp rundt borga (Babenberch), som har gjeve namn til familien Babenberg. Då dei døydde ut gjekk byen over til huset Sachsen. Området vart kristna av munkar frå klosteret i Fulda, og området vart ein del av bispedømet Würzburg.

I 1007 gjorde Henrik II av Det tysk-romerske riket til sete i eit nytt bispedøme. Meininga bak dette var å gjere det store bispedømet Würzberg mindre. Den nye domkyrkja vart konsekrert 6. mai 1012, og i 1017 grunnla Henrik II eit benediktinarkloster. Pave Benedict VIII vitja Bamberg i 1020 og la bispedømet direkte under pavestolen. Ei kort stund var Bamberg sentrum i Det tysk-romerske riket.

Frå midten av 1200-talet var biskopane fyrstar i Riket og styrte Bamberg, der dei bygde monumentale bygg. Bispedømet eigde store område rundt Bamberg, men etter endringane som følgje av reformasjonen vart dette området nesten halvert.

Hekseprosessane på 1600-talet kravde hundrevis av offer i Bamberg, og nådde ein topp mellom 1626 og 1631 under styret til fyrstbiskop Georg II Fuchs von Dornheim. Det kjende Drudenhaus (heksefengsel), bygd i 1627, finst ikkje lenger i dag, men ein har framleis detaljerte soger om korleis enkelte av sakene gjekk føre seg.

I 1647 vart Universitetet i Bamberg grunnlagd som Academia Bambergensis.

I 1759 vart bispedømet seld til Austerrike. Bamburg mista sjølvstendet sitt i 1802, og vart i 1803 ein del av Bayern.

Bamberg vart forbunde til det tyske jernbanesambandet i 1844, som har vore ein viktig del av infrastrukturen sidan den gong.

Etter den første verdskrigen tok eit kommunistisk opprør kontroll over Bayern og regjeringa flykta til Bamberg, der dei måtte vere i nesten to år, før dei igjen tok kontroll over den bayerske hovudstaden München. Den første republikanske grunnlova i Bayern vart vedtatt i Bamberg, og derfor kjend som Bamberger Verfassung.

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Domkyrkja (1237), med gravene til keisar Henrik II og pave Clemens II
  • Alte Hofhaltung, biskopresidensen på 15- og 1600-talet
  • Neue Residenz, residens for biskopane frå 1600-talet, med Staatsgalerie
  • Det gamle rådhuset (1386), bygd midt i elva Regnitz, tilgjengeleg via to bruer
  • Klein-Venedig (Litle Venezia), ein koloni av pittoreske fiskarboligar langs Regnitz

Teater og museum[endre | endre wikiteksten]

  • E.T.A.-Hoffmann-Theater
  • Historisches Museum, Domplatz 7
  • Stadtgalerie Villa Dessauer, Hainstraße 4a
  • Sammlung Ludwig, Obere Brücke 4
  • Bamberger Krippenmuseum
  • Brauerei-Museum (bryggeri-museum)
  • Diözesanmuseum
  • E.T.A.-Hoffmann-Haus
  • Feuerwehrmuseum
  • Gärtner- und Häckermuseum
  • Holographiemuseum Holowood
  • Missionsmuseum, Missionshaus Bug
  • Museum der Kommunikations- und Bürogeschichte
  • Museum für Frühislamische Kunst
  • Naturkunde-Museum
  • Polizeigeschichtliche Sammlung Bayern

Kulinariske spesialitetar[endre | endre wikiteksten]

I den tradisjonsrike ølbyen Bamberg finst det framleis ni privatbryggeri, som sørgjer for eit ganske eineståande utval av øl. Ein særleg spesialitet er den bambergske Rauchbier (røykøl).

Bryggeri[endre | endre wikiteksten]

  • Fässla
  • Greifenklau
  • Kaiserdom
  • Keesmann
  • Klosterbräu
  • Mahrs Bräu
  • Maisel Bräu
  • Schlenkerla
  • Spezial

Dessutan finst det eit gjestgiveri som bryggar sitt eige øl:

  • Ambräusianum

Bibliotek[endre | endre wikiteksten]

Personar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bamberg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]