Amerikabever

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Amerikansk bever)
Amerikansk bever
Amerikansk bever
Amerikansk bever
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: Framandart med svært høg risikoUtbreiinga av Amerikansk bever
Utbreiinga av Amerikansk bever
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Overorden: Euarchontoglires
Orden: Gnagarar Rodentia
Underorden: Castorimorpha
Familie: Beverfamilien Castoridae
Slekt: Castor
Art: Amerikansk bever C. canadensis
Vitskapleg namn
Castor canadensis

Amerikabever eller nordamerikansk bever (Castor canadensis) er ein av dei to artane av bever. Han skil seg frå europeisk bever ved leveområdet sitt; opphavleg levde den amerikanske beveren berre i Nord-Amerika, i dagens USA, Canada og Mexico. I dag er han også introdusert til Sør-Amerika, og det finst grupper med amerikabever i Europa. Amerikabever kan delast inn i ei rekkje underartar.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Utsjånaden hjå amerikabever er annleis enn europeisk bever på ei rekkje punkt, m.a. er den amerikanske varianten noko mindre enn hin. Også genetisk er dei ulike, då amerikabever har 40 kromosom medan den europeiske har 48. I Russland har ein gjort omfattande forsøk på å kryssa dei to artane, men det nærmaste ein kom ein hybridbever, var ein daudfødd unge. Difor er det lite truleg at ein vil få slike hybridbeverar sjølv om artane nokre stader lever på same område.

Forplanting[endre | endre wikiteksten]

I motsetnad til dei fleste gnagarar er beverane monogame dyr. Om lag 20 % av toårige beverar reproduserer seg, men vanlegvis skjer ikkje dette før det tredje leveåret. Beverane får eitt kull i året. Hoene går då drektige i ca. 128 dagar og før frå 2-6 ungar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg reknar ein med at det levde mellom 100 og 200 millionar bevereksemplar i Amerika før europerane oppdaga kontinentet. Det vart drive omfattande pelsjakt på bever i Amerika frå 1600-talet og oppover. Då ein innførte vernetiltak for beveren seint på 1800- og i byrjinga av 1900-talet var beverbestanden i Amerika svært liten. I dag finst det mellom 10 og 15 millionar beverar på kontinentet. Mange stader vert beveren no sett på som eit skadedyr, særleg når dei går inn i urbane byområde og lever der.

Eldlandet, der beveren vart innført på 1940-talet på grunn av pelsen, har dyret gjort store skader. Beveren har ingen naturlege fiendar her, og trea han feller gror ikkje til att på same måten som nordamerikanske tre. Difor har ein vedteke ein plan for å utrydda beveren frå området.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]