Amesja spenta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Religion
Denne artikkelen er del av serien om
Parsismen
Yazd fire temple.jpg
Teologi
Ahura Mazda
Angra Mainyu
Spenta Mainyu
Yazataene
Atar - Verethraghna - Rashnu
Sraosha - Mithra - Anahita
Amesja Spentaene
Asja Vahisjta - Vohu Manah
Khsjathra Vairya - Spenta Armaiti
Haurvatát - Ameretát

I parsismen er ein amesja spenta (frå avestisk amesja udøyeleg vesen, og spenta velgjerande) eller amsjaspend eit guddomeleg vesen som hjelper Ahura Mazda med å ordna verda.

Uttryket «amesja spenta» finst ikkje i gathaene men alle vesena er nemnd deri, og uttryket var brukt i andre tidlege skrifter. Ortodokse parsarar ser på amesja spentaene som personar. Det finst seks amesja spentaer. Dei viktigaste av dei er Asja Vahisjta, «den høgaste sanninga», og Vohu Manah, «den gode hugen». Dei andre er Khsjathra Vairya, «det fullkome veldet», Spenta Armaiti, «den heilage sinnstilstanden», Haurvatát «jordeleg fullkomenskap» og Ameretát «varig sæle». Dei første tre er mannlege, og dei siste tre er kvinnelege. Alle amesja spentaene vart skapa av Ahura Mazda, som er skildra som faren deira i nokre skrifter. Dei er generalane hans i kampen imot Ahriman. Alt som er godt på jorda kjem frå Ahura Mazda ved desse vesena. Dei sitt ved sida av Ahura Mazda på gulltroner, og kjem ned til jorda på vegar av lys. Kvar av dei har ein fiende, skapa av Ahriman, som står imot og hindrar dei.

Amesja spentaene har høgare rang enn yazataene i den parsiske teologien. Forskjellen kan samanliknast med forskjellen mellom dei høgaste erkeenglane og vanlege englar i kristendommen. I tilleg er det verd å merka seg at det fanst persiske gudar med dei same namna som yazataene før parsismen. Ein trur difor at yazataene eigentleg var gudar frå eldre religionar som vart tilpassa parsismen. Namna til amesja spentaene, i motsetnad, finst berre i parsiske skrifter, og ein trur at det var Zarathusjtra som kom med dei.

Kvar amesja spenta har sine eigne høgtider og dyrkingsmåter i den ortodokse parsismen. I moderne parsisk teologi, særleg i India, er amesja spentaene ofte sett på som ei skildring av dei religiøse omgrepa som parsismen er bydg på. Dei er aspekt av Ahura Mazda som han gjorde verkelege slik at menneske kunne kjenna han. Det er difor ikkje feil å persongjera eller dyrka dei, men det er viktigare å bruka evnene dei gjev i kampen imot den dårlege anden. Menneske må innlemma essensen deira i dagleglivet sitt, og bruka det dei står for som mønster for korleis verda må verta.