Sraosha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Religion
Denne artikkelen er del av serien om
Parsismen
Yazd fire temple.jpg
Teologi
Ahura Mazda
Angra Mainyu
Spenta Mainyu
Yazataene
Atar - Verethraghna - Rashnu
Sraosha - Mithra - Anahita
Amesja Spentaene
Asja Vahisjta - Vohu Manah
Khsjathra Vairya - Spenta Armaiti
Haurvatát - Ameretát

I parsismen er Sraosha namnet til eit viktig guddomleg vesen. Mange parsarar, særleg indiske parsarar, reknar vesenet for persongjeringa av eit religiøst omgrep.

Sraosha-omgrepet i gathaene[endre | endre wikiteksten]

Ordet «sraosha» tyder «det å høyra» på gammalt avestisk. Ordet meinte å stå i samband med Ahura Mazda, som Gud blir kalla i parsisme, og å lyda etter og ta imot orda hans. Sraosha lever i kvart menneske og hjelper oss å høyra på Mazda si røyst. Det vernar oss imot den vonde ånda, og styrar oss til å forstå grunnsetningane som allheimen er basert på. Sraosha meiner også at Mazda alltid høyrer våre røyster og leier oss til det rette valet.

Sraosha-vesenet i seinare parsisme[endre | endre wikiteksten]

Sidan Sraosha var rekna som sambandsvegen mellom menneske og Ahura Mazda, var det lett å persongjera han. Sraosha blei Ahura Mazda sin bodberar, og ikjøtinga av ordet hans. Det er Sraosha som vernar menneske imot demonar kvar natt. Han kjem ned til jorda tre gongar om natta for å kriga imot dei, og knuser skallane deira med klubba si. Når verda endar skal han øydeleggja alt som er vondt i allheimen.

Sraosha blei også rekna som ein av dei tre dommarane som dømmer over sjelene til menneske. Han leiar dei rettvise sjelene til himmelen. Han går også i forbøn for menneske si tilgjeving.

Sraosha er tenkt på som ein sterk og heilage ung mann som bur i eit hus som har tusen suler, og rid på ei stridsvogn dregen av fire kvite hestar.