Amund Maarud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Amund Maarud Band opptrer på Hamar Music Festival i 2004. Amund i midten.
Foto: Thomas Andersen.

Amund Maarud (fødd 7. april 1981) er ein prisløna norsk blues- og rockemusikar, kjend frå banda The Grand og Morudes samt som soloartist. Maarud er både vokalist og gitarist. [1]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

MaarudKara[endre | endre wikiteksten]

Amund Maarud vaks opp i Skogbygda i Nes kommune i Akershus. Allereie som seksåring starta han sitt fyrste band, MaarudKara med veslebroren Henrik Maarud på trommer. I 1992 kom også naboguten Simen Aanerud med på piano. I 1993 spelte MaarudKara inn ein kassett som fekk tittelen Burnin' Blues og inneheldt coverlåtar. Året etter spelte dei inn Lost in the Blues, der Aanerud også hadde komponert ein eigen låt. Same året deltok dei på Eidsvoll Blues Festival. I 1994 og 1995 deltok dei også i Ungdommens Kulturmønstring og kom til fylkesfinalen i Akershus. Gruppa mottok Nes kommune sin heiderspris i 1994 og kulturstipendet frå kommunen i 1996.

I 1997 deltok MaarudKara i NRK-programmet Talentiaden, men kom på andreplass. Dei heldt likevel fram, og spelte på Notodden Blues Festival same sommaren. Dei fekk platekontrakt med Tylden & Co og gav ut plata First Blues i 1999. Etter dette gav gruppa seg, og Amund Maarud starta no som soloartist, med Amund Maarud Band. Han har spelt mykje med dei to andre bandmedlemmene frå MaarudKara seinare.

Solokarriere[endre | endre wikiteksten]

I 2003 gav han ut bluesplata Ripped, Stripped and Southern Fried under sitt eige namn. [2] Plata fekk gode kritikkar, selde over 6000 eksemplar [3] og vart nominert til Spellemannprisen 2003 i kategorien Blues/Country. Året etter gav Maarud ut Commotion. [4] Ein av låtane på plata, «I Always Want (What I Can't Have)» hadde jazzmusikaren Tord Gustavsen med på piano. [5] Plata fekk likevel ikkje så gode kritikkar som fyrsteplata til Maarud. [6]

The Grand og Morudes[endre | endre wikiteksten]

I 2006 starta Maarud rockegruppa The Grand. Gruppa hadde same medlemmene som dei han hadde spelt med tidlegare, nemleg Henrik Maarud (trommer), Per Tobro (bass) og Eirik Tovsrod Knutsen (hammondorgel, slagverk). Platedebuten deira, som fekk tittelen The Grand kom ut i 2007, og gruppa spelte på ymse festivalar både i Noreg og i utlandet. Gruppa er ikkje aktiv i dag. I 2010 gjekk brørne Maarud saman og danna duoen Morudes, men har enno ikkje gjeve ut noko under dette namnet. Amund Maarud debuterte òg som skodespelar dette året, med ei mindre rolle i filmen Kommandør Treholt og Ninjatroppen. [7]

Meir solo[endre | endre wikiteksten]

I 2011 tok Amund Maarud til som solobluesartist igjen, og laga plata Electric der han blanda inn element og effektar frå rock og latinomusikk. Plata, som vart lovprist av fleire anmeldarar [8] [9] og vann Spellemannprisen 2011 i kategorien for blues.

Albumliste[endre | endre wikiteksten]

  • 1999: MaarudKara - First Blues
  • 2003: Ripped, Stripped and Southern Fried
  • 2004: Commotion
  • 2007: The Grand - The Grand EP
  • 2007: The Grand - The Grand
  • 2011: Electric

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]