Nes kommune i Akershus
-
For kommunen i Buskerud fylke, sjå Nes kommune i Buskerud.
| Nes kommune i Akershus | |
|---|---|
| Komm.nr. | 0236 |
| Fylke | Akershus |
| Adm.senter | Årnes |
| Areal | 638 km² |
| Folkemengd | 19 447 (1. jan 2012) |
| Politikk | |
| Ordførar (2007-) | Oddmar Blekkerud (Ap) |
| Målform | Bokmål |
| Nettstad | www.nes-ak.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Nes kommune i Akershus på Commons | |
Nes kommune ligg i Akershus fylke og grensar i nord til Eidsvoll og Nord-Odal, i aust til Sør-Odal og Eidskog, i sør til Aurskog-Høland og Sørum, og i vest til Ullensaker.
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Tettstaden Vormsund var det opphavlege kommunesentret i Nes herad, men stasjonsbyen Årnes overtok gradvis etter at Kongsvingerbanen vart bygt. I dag finn ein rådhus og kommunesentrum i Årnes, som opphavlege var kapellani under det dåverande hovudsoknet Nes med sentrum ved Vormsund. I dag er Årnes prostesete for prosten i Østre Romerike prosti. Kampå i Fenstad, Brårud, Opakermoen og Skogrand i Skogbygda (Ingeborgrud) er mindre tettstader i nordre og austre del av kommunen og i sør og i aust ligg dei større byggjefelta Aulifeltet, Tomteråsen, Neskollen og tettstaden Haga. Svanfossen som regulerer Noregs største innsjø Mjøsa ligg i Fenstad. Årnes er framleis kjenneteikna som ein stasjonsby frå det 19. hundreåret, medan Nes hovudsokn er utprega med monumentalbygningar i og omkring Vormsund, bl.a Nes kyrkjeruinar, Nes kyrkje, Ullershov og Disen gardar.
Tusenårsstad [endre]
Tusenårsstaden i Nes er Nes kyrkjeruinar på Vormsund, der Glomma og Vorma møter kvarandre. Kyrkja vart bygt på 1100-talet som ei av tre fylkeskyrkjer på Romerike. Ho ligg i dag i ruinar, men desse blir brukt til gudstenester, bryllaup og konsertar.
Attraksjonar [endre]
- Nes kyrkjeruinar – sjå ovanfor
- Stein skole – også kjent som Eventyrskolen
- Funnefoss industriarbeidermuseum – det gamle tresliperiet med arbeidarbustader
- Arbeidersmåbruket Furuset – småbruk frå 1909, halde i stand slik det var den gongen
- Auli mølle – den gamle mølla på Auli er framleis i driftsklar stand
Andre attraksjonar
- Disen – prestegard for Nes prestegjeld.
- Gamle Hvam Museum – museum der ein finn den store gamle ærverdige garden Store Hvam med dei bygga som høyrer til
- Svanfoss sluse – sluse som ligg i Fenstad
Media [endre]
Raumnes er lokalavisa for Nes på Romerike og vert gjeven ut tre gonger i veka. Romerikes Blad og Glåmdalen har avdelningskontor på Årnes.
Kjende nesbuar [endre]
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
Fotnotar [endre]
| Kommunar i Akershus | ||
|---|---|---|
| Asker · Aurskog-Høland · Bærum · Eidsvoll · Enebakk · Fet · Frogn · Gjerdrum · Hurdal · Lørenskog · Nannestad · Nes · Nesodden · Nittedal · Oppegård · Rælingen · Skedsmo · Ski · Sørum · Ullensaker · Vestby · Ås | ||