Anarkosyndikalisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det anarkosyndikalistiske symbolet, raudt og svart.

Anarkosyndikalisme er ei retning innan anarkismen som seier at det som skal kome i staden for den statsmakta alle anarkistar vil avskaffe, skal vere arbeidarklassen sine eigne primærorganisasjonar, fagorganisasjonane. Gjennom desse kan herredømmet til både kapitalistane og staten erstattast i eit samvirke av frie fagforeiningar, ifølgje anarkosyndikalismen.

Liksom annan anarkisme avviser anarkosyndikalismen vanlegvis deltaking i parlamentariske val og parlamentarisk arbeid og med det avviser dei som oftast at det er nødvendig med eit politisk arbeidarparti, eit sosialistisk parti.

Anarkosyndikalistar har likevel ikkje alltid oppmoda til boikott av parlamentsval, såleis var stemmene til medlemer av den spanske anarkosyndikalistiske fagorganisasjonen CNT med på å sikre siger for Folkefronten ved valet i 1936. Fire anarkosyndikalistar deltok som statsrådar i regjeringa.

Ein tilhengjar av anarkosyndikalismen vert kalla ein anarkosyndikalist.

Denne retninga stod særleg sterkt i Frankrike, særleg før første verdskrigen, og i Spania heilt til og med den spanske borgarkrigen 1936-1939. I USA hadde dei au ein relativt sterk anarkosyndikalistisk fagorganisasjon i IWW (Industrial Workers of the World) med sitt vidgjetne slagord One Big Union, og sin fremste martyr i Joe Hill. I Sverige finst det framleis ein etter måten sterk anarkosyndikalistisk fagorganisasjon, SAC - Svenska Arbetares Centralorganisation.

Anarkosyndikalismen er historisk sett ein viktig del av det som òg blir kalla libertær sosialisme.