Anatolij Mikhailovitsj Golitsyn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anatolij Mikhailovitsj Golitsyn
Statsborgarskap Sovjetunionen, USA
Fødd 25. august 1926
Pyrjatyn
Død

29. desember 2008 (82 år)

Yrke efterretningsagent, skribent, diplomat
Språk russisk, engelsk
Medlem av KGB

Anatolij Mikhailovitsj Golitsyn (25. august 1926–)[1] var ein sovjetisk KGB-avhoppar og forfattar av to bøker om den langsiktige villeiingstrategien til leiarskapet i Sovjetunionen.

Golitsyn var fødd i Pirjatin, ein by mellom Kiev og Poltava i Ukraina, og vart avhoppar i 1962. Han skaffa eit breidt spekter av informasjonar til CIA med detaljar om residensen i Helsinki og andre, og jamvel om KGB sine metodar om rekruttering og styring av agentar. Han vart amerikansk statsborgar så seint som i 1984.[2]

Avhoppar[endre | endre wikiteksten]

Golitsyn arbeidde i planavdelinga i KGB med majors rang. I 1961 vart han ført over til residensen i Helsinki under namnet «Ivan Klimov» som visekonsul og attaché. Han hoppa av med kone og born til CIA via Helsinki den 15. desember 1961. Han tok toget til Haparanda ved den svensk-finske grensa, vart møtt av CIA der og flydd til USA via Stockholm. Der vart han forhøyrd av James Jesus Angleton, sjef for CIA si kontraetterretning.

Golitsyn hadde med seg informasjon som gjorde at Kim Philby, Donald Duart Maclean, Guy Burgess, John Vassall og Aleksander Kopatzky som alle arbeidde i Tyskland, vart kjende skuldige som moldvarpar i CIA og FBI. Etter kvart vart skuldingane om kven som var KGB-agentar meir kontroversielle: Henry Kissinger, Harold Wilson og Urho Kekkonen er berre døme på dette.

I populærkulturen[endre | endre wikiteksten]

Den amerikanske filmen: Mission: Impossible frå 1996 handlar om ein agent med same historie som Anatolij Golitsyn, men no med namnet Alexander Golitsyn. Rolls vart spelt av skodespelaren Marcel Iures.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Corera, Gordon (2011). [https: //books.google.ca/books?id=GvU0AgAAQBAJ&q=Anatoliy+Golitsyn+2008#v=snippet&q=Anatoliy%20Golitsyn%202008&f=false The Art of Betrayal: Life and Death in the British Secret Service] Check |url= value (hjelp). Orion Publishing Group. ISBN 9780297861010.  line feed character in |url= at position 7 (hjelp)
  2. http://findarticles.com/p/articles/mi_m1282/is_v36/ai_3423788 Arkivert 2009-04-16 ved Wayback Machine. New lies for old: the communist strategy of deception and disinformation. - book reviews], September 7, 1984

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • Anatoliy Golitsyn. New Lies for Old G. S. G. & Associates, Incorporated, 1990, ISBN 0-945001-13-4
  • Christopher Story (Editor). ("by Anatoliy Golitsyn") The Perestroika Deception : Memoranda to the Central Intelligence Agency, Edward Harle Ltd; 2nd Ed edition (1998) ISBN 1-899798-03-X

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]