Andreas Gjersøe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Andreas Gjersøe (fødd 6. august 1976) frå Bærum, er ein norsk kajakkpadlar. Under Sommar-OL 2004 i Athen hamna Gjærsøe på ein femteplass i K4 kajakk. Det beste resultatet hans er frå verdsmeisterskapen i Szeged i 1998, då han var del av det norske mannskapet som tok bronse i K4 kajakk, 200 m. Gjersøe har og to sølvmedaljar frå europameisterskap i K2 200m, som han tok i Zagreb i 1999 saman med makkaren Nils Olav Fjeldheim, og K4 1000m i Poznań, Polen 2004.