Szeged

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Szeged
Megyeszékhely - Csongrád megye - Szeged.jpg
Plassering
Szeged is located in Ungarn
Styresmakter
Land
Region

Megye
Ungarn Ungarn
Den sørlege store sletta
Csongrád
Først nemnd i 1183
Geografi
Flatevidd
 - By

280,84 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

162 889
  581/km²
Koordinatar 46°15′18″N 20°08′42″EKoordinatar: 46°15′18″N 20°08′42″E
Høgd over havet 75 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 6700–6791
Telefon-retningsnummer 062
Heimeside: www.szegedvaros.hu


Szeged (kroatisk og tyrkisk Segedin, serbisk Сегедин, Segedin, tysk Szegedin/Segedin, polsk Segedyn) er den fjerde største byen i Ungarn, og hovudstad i fylket Csongrád og regionssenter i Den sørlege store sletta.

Votive-kyrkja.

Szeged ligg nær den sørlege grensa til Ungarn på begge sida av elva Tisza, like sør for munningen av elva Mureş.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Szeged og området rundt har vore busett sidan antikken. Klaudios Ptolemaios nemnde det eldste namnet på byen: Partiscum. Det er mogeleg at Attila, kongen av hunarane hadde setet sitt ein stad i området. Namnet Szeged vart først nemnd i 1183, i eit dokument av kongen Béla III.


Dömötör-tårnet frå 1200-talet
Statue av Kuno Klebelsberg.

Under den mongolske invasjonen vart byen øydelagd og innbyggjarane måtte flykte til dei nærliggande myrane, men dei kom snart tilbake og bygde opp att byen sin. På 1300-talet, under regjeringstida til Ludvig den store vart Szeged den viktigaste byen i Sør-Ungarn, og då den tyrkiske hæren stadig kom nærmare vart Szeged strategisk viktigare. Kong Sigismund av Luxembourg fekk bygd ein bymur rundt byen og Szeged fekk status som fri keisarby i 1498.

Szeged vart først plyndra av den osmanske hæren 28. september 1526, men vart ikkje okkupert før i 1543, og vart det administrative senteret for osmanarane i området. Byen vart frigjort frå det tyrkiske sytret 23. oktober 1686 og fekk tilbake statusen sin som fri keisarby i 1715. I 1719 fekk Szeged byvåpnet sitt, som framleis er i bruk i dag, av Karl III. Dei neste åra blømde Szeged. Piaristmunkar kom til byen i 1719 og opna ein gramatikkskule her i 1721. Dei hadde óg forelesingar innan vitskap og førte opp teaterstykke. Samstundes, i åra mellom 1728 og 1744 var hekseforfølgingane omfattande i byen.

Szeged er kjend som heimstaden til paprikaen. Paprikaen kom til Ungarn på andre halvdel av 1500-talet som ei dekortativ plante. Om lag 100 år seinare vart planta dyrka som ei urte.[1] Szeged er óg kjend for Szekelygulyas, ein gulasj laga av svinekjøt, surkål og rømme.[2]

Innbyggjarane i Szeged spelte ei viktig rolle under revolusjonen og sjølvstendekrigen i 1848-49. Lajos Kossuth framførte sin vidkjende tale her. Szeged var det siste setet til revolusjonsregjeringa i juli 1849. Habsburg-styret straffa leiarane av byen, men seinare fekk Szeged bløme igjen, han fekk jernbane i 1854, og byen fekk tilbake statusen som fri keisarby i 1860. Mark Pick sin butikk – føregjengaren til den i dag verdskjende Pick Salami-fabrikken – opna i 1869.

I dag har sentrum av Szeged vakre bygningar og breie avenyar. Dette kjem hovudsakleg av den store flaumen i 1879, som bokstavleg talt tok med seg heile byen (berre 276 av 5&nbsp723 hus stod att og 165 menneske omkom). Keisar Frans Josef vitja byen og lovde at «Szeged skulle bli vakrare enn han brukte å vere». Dei neste åra stod det fram ein moderne by frå ruinane med palass og breie gater.

Etter den første verdskrigen mista Ungarn sine sørlege område til Romania og Serbia, og Szeged hamna dermed nær landegrensa og vart mindre viktig, men sidan han tok over rolla til byane Ungarn mista i området kom han sakte tilbake. Universitet i Kolozsvár (i dag Cluj-Napoca i Romania) vart flytta til Szeged i 1921. I 1923 fekk Szeged bispesete frå Temesvár (i dag Timişoara i Romania).

Szeged vart hardt råka av den andre verdskrigen og 6 000 innbyggjarar i byen omkom. Jødane vart plassert i gettoar, så tatt til dødsleirane. Sovjetiske styrkar frigjorde byen i 1944. I kommunist-perioden vart Szeged senter for småindustri næringsmiddelindustri. I 1965 vart det funne olje i nærleiken av byen. Området forsyner i dag 67 % av det totale oljeforbruket i landet.

I 1962 vart Szeged fylkeshovudstad i Csongrád. Det vart bygd heilt nye bydelar og mange nærliggande landsbyar vart ein del av byen i 1973.

I dag er Szeged ein viktig universitetsby og ein populær turistdestinasjon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Szeged

Kjelde[endre | endre wikiteksten]