Guru Angad Dev
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Angad Dev)
Guru Angad Dev dji (31. mars 1504–29. mars 1552) var den andre av dei ti sikh-guruane. Guru Angad Dev dji vart guru den 7. september 1539 som etterfølgjar etter guru Nának Dev dji, som var grunnleggjaren av sikhismen.
Føre guru Angad Dev dji døydde, utpeikte han guru Amar Das som den tredje sikh-guruen.
Guru Angad Dev dji er kjend for dei følgjande bidraga til sikh-trua:
- Tilrådde niskam seva — «å tena menneskja utan sjølvsentrering».
- Tilrådde fullstendig overgjevnad til Guds vilje.
- Frårådde ekshibisjonisme og dobbeltmoral.
- Fann opp den noverande forma av gurmukhiskrifta.
Bakgrunnsstoff [endre]
Audio [endre]
|
|
|
|---|---|
| 1. Guru Nának 2. Guru Angad Dev 3. Guru Amar Das 4. Guru Ram Das 5. Guru Ardjan Dev 6. Guru Har Gobind 7. Guru Har Rai 8. Guru Har Krisjan 9. Guru Teg Bahadur 10. Guru Gobind Singh – Guru Granth Sáhib |