Gurmukhi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mulmantraet i gurmukhiskrift.

Gurmukhi (frå panjabi ਗੁਰਮੁਖੀ, ‘frå munnen åt guruen’) er eit skriftsystem som vart utvikla i Punjab1500-talet for å skrive sikh-skrifter Sjølv om gurmukhi i utgangspunktet blir bruka til å skrive panjabi, så blir det òg bruka til andre språk, som sanskrit, sindhi og hindustanispråk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mulmantraet skrive av guru Har Rai med lahndaskrift.
Gurmukhiskrift i ei illuminert handskrift av Adi Granth frå rundt 1800.

Som dei fleste andre nordindiske skriftsystema stammar gurmukhi opphavleg frå brahmi. Utviklinga gjekk truleg gjennom guptaskrifta frå 300-talet av og sjaradaskrifta frå 700-talet av. Desse skriftspråka tok utgangspunkt i sanskrit, og blei brukt til litterære og religiøse tekstar. Samstundes blei lahnda, fleire skriftsystem for handels- og kvardagsbruk, utvikla i Punjab. Lahndaskrifta var tilpassa panjabi, men mangla vokalteikn.

Gurmukhi blei i følgje sikhane sine overleveringar standardisert av guru Angad Dev1500-talet, slik at dei heilage sikh-tekstane kunne skrivast ned nøyaktig. Den heilage boka til sikhane, Guru Granth Sahib, er skriven med denne skrifta. Gurmukhi blei deretter ei mykje brukt skrift blant sikhane, og fekk offisiell status i Aust-Punjab. I pakistanske Vest-Punjab bruker ein derimot den urdubaserte skrifta sjahmukhi.

Bokstavar[endre | endre wikiteksten]

Gurmukhi er ein abugida. Moderne gurmukhiskrift har 41 konsonantar («viandjanar»), ni vokalteikn («laga matra»), to nasaliseringsteikn («bindi» og «tippi») og eitt teikn som doblar lengda av ein kva som helst for konsonant («addak»). I tillegg blir fire samansetjingsformer bruka: Dei underordna variantane av dei tre bokstavane rara, haha og vava og ei halvform av yaiyya. Bruken av samansetjingsformene av vava og yaiyya er på sterkt vikande front i vår tid.

Konsonantar[endre | endre wikiteksten]

Gurmukhialfabetet inneheld 35 grunnleggjande bokstavar. Dei første tre bokstavane skil seg ut ved at dei er basisteikn for vokalar. Av desse tre er berre bokstaven aira bruka åleine — sjå bolken om vokalar for å lesa meir om dette.

Namn Uttale Namn Uttale Namn Uttale Namn Uttale Namn Uttale
Ura Aira Iri Sussa Sa Haha Ha
Kakka Ka Khukha Kha Gugga Ga Ghugga Gha Ungga Nga
Tjutjaa Tja Tjhutjha Tjha Djuddja Dja Djhuddja Djha Yanza Nja
Tainka Tta Thutha Ttha Dudda Dda Dhudda Ddha Nahnha Nna
Tutta Ta Thutha Tha Duda Da Dhuda Dha Nunna Na
Puppa Pa Phupha Pha Bubba Ba Bhubba Bha Mumma Ma
Yaiyya Ya Rara Ra Lulla La Vava Va Rahrha Rra

I tillegg til desse finst det seks konsonantar som blir laga ved det diakritiske teiknet «bindi» — ein prikk ved foten («pair») av konsonanten:

Namn Uttale
Sjusja pairín bindi Sja
Khukha pairín bindi Khha
Gugga pairín bindi Ghha
Zuzza pairín bindi Za
Fuffa pairín bindi Fa
Lulla pairín bindi Lla

Lulla pairín bindi vart lagt til gurmukhialfabetet relativt nyleg. Ein del kjelder reknar ikkje denne bokstaven som ein eigen bokstav.

Vokalar[endre | endre wikiteksten]

Gurmukhi er oppbygd på liknande vis som andre brahmiskrifter: Alle konsonantar blir i utgangspunktet rekna som stavingar med konsonant + ein kort a-lyd. I praksis blir denne lyden apokopert sist i ordet og ofte òg i innlyd. Denne «ibuande vokalen» blir endra ved tilføying av ymse diakritiske teikn til grunnkonsonanten. I stavingar eller ord som byrjar med vokal tilføyer ein eitt av dei tre grunnteikna for vokalar og legg det diakritiske teiknet til dette teiknet.

Vokal Namn IPA
Uavh. Avh. med /k/ Bokstav Unicode
(ingen) Mukta a [ə]
ਕਾ Kanna ā [ɑ]
ਿ ਕਿ Sihari i [ɪ]
ਕੀ Bihari ī [i]
ਕੁ Onkar u [ʊ]
ਕੂ Dulankar ū [u]
ਕੇ Lavan ē [e]
ਕੈ Dulavan ai [ɛ]
ਕੋ Hora o [o]
ਕੌ Kanuara au [ɔ]

Dei brotne sirklane representerer hovudkonsonanten. Vokalane blir alltid uttala etter konsonanten dei blir skrivne saman med. Slik er sihari alltid skriven til venstre for konsonanten men blir likevel uttala etter konsonanten.

Vokaleksempel[endre | endre wikiteksten]

Ord Transkripsjon Tyding
ਆਲੂ ālū potet
ਦਿਲ dil hjarta

Gurmukhi i Unicode[endre | endre wikiteksten]

Unicode-området for gurmukhi er U+0A00 ... U+0A7F. Bruk av Unicode for gurmukhi har berre nyleg (2005) byrja å bli vanleg. Mange nettstader brukar framleis før-Unicode-fontar som har gurmukhiteikn i det grunnleggjande ASCII-området.

  0 1 2 3 4 5 6 7 8 9 A B C D E F
A00            
A10    
A20  
A30             ਿ
A40                
A50                      
A60            
A70                      

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

  • Takri, eit nærskyld skriftsystem

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]