Guru Ardjan Dev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sikhismen
Khanda1.svg
Sikh-guruar
Skrifter
Guru Granth Sáhib
Bani - «Tjaupai»
«Djáp Sáhib» - «Djapdji Sáhib»
«Mul Mantra» - «Sukhmani»
Dasam Granth
Religionsfilosofi
Nám djapo (Gudsteneste)
kirat karni (ærleg arbeid)
vand kay sjako (del goda)
tru - etikk - moral
Dei fem K-ane
kesj (uklipt hår)
kaṛa (stålarmband)
kangha (stålkam)
katjha (knesid underbrok)
kirpán (sabel, evt. dolk)
Heilage stader
Amritsar
Harmandir Sáhib
(«Det gylne tempelet»)
gurdvara
Folk og språk
Panjab - panjabi
sikhar - gurmukhiskrift
Abrahamittiske rel.
Jødedom  kristendom
islam  bahá’í  sikhisme
Indoiranske religionar
parsisme - hinduisme
djainisme - buddhisme
sikhisme - bahá’í


Guru Ardjan Dev dji (15. april 156330. mai 1606) var den femte av dei ti sikh-guruane og vart guru den 1. september 1581 som etterfølgjaren åt guru Ram Das dji. Føre guru Ardjan Dev dji døydde utpeikte han sonen sin, guru Hargobind dji, som den neste guruen for sikhane. Det følgjande er ei oppsummering av høgdepunkta i livsverket hans:

  1. Over 2000 hymnar i sikhanes heilage bok Guru Granth Sahib
  2. Forfattar av banien «Sukhmani Sáhib» – ei bøn for fred.
  3. Samla og innsette sikhanes heilage skrift, som på denne tida gjekk under namnet Adi Granth.
  4. Bygde Harmandir Sáhib — kjent som «Det gylne tempelet».
  5. Utvikla Amritsar til eit viktig andeleg senter.
  6. Vidareutvikla strukturen i sikh-samfunnet gjennom innføringa av Masund-systemet.
  7. Den første sikh-guruen som døydde som martyr.

Hymne av guru Ardjan Dev frå «Sukhmani Sahib» (Guru Granth Sáhib, s. 262–):

I hug, hug, hug av Gud får de fred
og uro og angst kverv frå dykk.
I hug av Gud vert de fri frå livmora
I hug av Gud vert de fri frå dauden sin otte.
I hug av Gud vert dauden vekk
I hug av Gud vert uvener stogga.
Gudshug lagar ikkje hindringar
I hug av Gud vert de kvikke alle døgn.
I hug av Gud har ’kje redsle makt
I hug av Gud kan ’kje sorga bry dykk.
I hug av Gud, i å vera med helgenar
er alt som er kjært, å Nanak, med Guds nåde. ||2||

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Audio[endre | endre wikiteksten]