Guru Har Gobind

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Guru Har Gobind dji. Miniatyr frå midten av 1800-talet. Frå Panjab under maharádja Narender Singh.

Guru Har Gobind dji (19. juni 15953. mars 1644) var den sjette av dei ti sikh-guruane og vart guru den 25. mai 1606 som etterfølgjar etter far sin, guru Ardjan Dev. Føre guru Har Gobind døydde, utnemnde han Har Rai, barnebarnet sitt, som den neste sikh-guruen.

Dette er eit samandrag av høgdepunkta i livet hans:

  1. Han omforma sikh-samfunnet ved å innføre kampsportar og våpen for forsvar av massene etter at far hans døydde som martyr.
  2. Han militariserte sikh-rørsla; sjølv bar han to sverd — Miri og Piri.
  3. Han bygde Akal Takht i 1608 — dette er no ein av dei fem takhtane (styreseta) for sikhane.
  4. Han grunnla byen Kiratpur i Jalandhar i Panjab.
  5. Han sat som fange på fortet i Gwalior i eitt år, og da han vart frigjeven insisterte han på at dei andre 52 fangane der måtte frigjevast òg. Til minne om denne hendinga feirar sikhane divali.
  6. Han var den første sikh-guruen som gjekk ut i strid.
  7. Han slost fire slag mot Mughal-makta.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

AllAboutSikhs.com, Sikhs.org, Sikh-History.com

Lyd[endre | endre wikiteksten]