Sikh-guruane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dei ti sikh-guruane avbilda på eit Tanjore-måleri. Guru Nának i midten.

Guruane i sikhismen viser til dei ti første leiarane av sikhane, og etter dei den heilage boka Guru Granth Sahib.

Ordet «sikh» tyder opphavleg 'læresvein', og alle sikhar følgjer ein guru, ein andeleg lærar eller rettleiar. Religionsgrunnleggjaren Guru Nanak peikte sjølv ut etterfølgjaren sin Angad Dev, og framheva at ein guru overførte ande «som eit lys tenner eit anna». Gurutittelen blei etterkvart ein arva innan éin familie, fram til Gobind Singh overførte rolla som leiar til sikhane si heilage skriftsamling. Boka Guru Granth Sahib blei dermed den andelege leiaren for sikhane, medan eit vald råd, panth, stod for det verdslege styret.

Guruane var først andelege leiarar, men i konflikt med mogulriket fekk nokre av dei også ei rolle som militærleiarar. Guru Ardjan og Guru Tegh Bahadur, blei avretta av mogulherskarane, og blir sett på som martyrar i sikhismen.

Oversyn over guruar[endre | endre wikiteksten]

Namn Guru tid Merknader
1. Guru Nának d. 1539 Stifta sikhismen.
2. Guru Angad Dev (1539–52) Læresven av Nának, skal ha utvikla gurmukhiskrifta.
3. Guru Amar Das (1552–74)
4. Guru Ram Das (1574–81) Svigerson av Amar Das, grunnla byen Amritsar.
5. Guru Ardjan Dev (1581–1606) Son av Ram Das, bygde Det gylne tempelet i Amritsar.
6. Guru Har Gobind (1606–44) Son av Ardjan.
7. Guru Har Rai (1644–61) Barnebarn av Har Gobind.
8. Guru Har Krisjan (1661–64) Son av Har Rai, døydde som sjuåring
9. Guru Teg Bahadur (1664–75) Son av Har Gobind.
10. Guru Gobind Singh (1675–1708) Utnemnde boka Guru Granth Sahib til den evige guruen for sikhane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]