Amritsar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Amritsar
by
none  Det gylne tempelet Harmandir Sahib i Amritsar
Det gylne tempelet Harmandir Sahib i Amritsar
Distrikt Amritsar
Folketal 1 194 740 (2009)

Amritsar (panjabi ਅੰਮ੍ਰਿਤਸਰ, hindi अमृतसर) er ein by i den indiske delstaten Panjab, grunnlagt av guru Ram Das. Byen er ein heilag stad for sikhismen, og huser valfartsmålet Harmandir Sahib, 'det gylne tempelet'.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Statue i Amritsar av Shaheed Udham Singh, som drap Reginald Dwyer, offiseren ansvarleg for Amritsarmasskren.

Amritsar blei grunnlagd i 1577 av den fjerde sikh-guruen Ram Das, etter at han var blitt gjeven området av stormogulen Akbar. Under Ram Das blei ein stor heilag dam kalla Amrita Saras ('[heilag] nektarsjø') groven ut, noko som har gjeve opphav til bynamnet. Den neste sikh-guruen, Ardjan Dev, reiste det gylne tempelet på ei øy i den kunstige sjøen, og i 1604 blei den heilage boka Guru Granth Sahib plassert der. Maharadja Ranjit Singh (1801–39) av Sikh-riket dekte seinare øvste delen av tempelet i gull. Under Ranjit Singh overgjekk Amritsar Lahore som den viktigaste byen i Punjab.

I 1919 fann Amritsarmassakren stad i Jallianwala Bagh i byen i høgtida baisakhi. Dette var ei hending under den indiske frigjeringskampen der britiske kolonimakter skaut uvæpna sivile utan fluktvegar og drap fleire hundre av dei.

Under delinga av Britisk India gjekk byen gjennom valdelege opptøyar og ei dramatisk endring i folkesetnaden, då mange muslimar flykta til Pakistan og mange hinduar og sikhar kom hit frå den nye muslimske staten.

I 1984 heldt militante forkjemparar for ein sjølvstendig sikh-stat til i Harmandir Sahib. I «Operasjon Blue Star» prøvde den indiske hæren å få dei ut, og ende med å drepa fleire hundre sivile. Hendinga førte til kraftige reaksjonar blant sikhar, og førte til drapet på den indiske statsministeren Indira Gandhi.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Handlegate i Amritsar.

Amritsar er eit viktig senter for tekstilindustri, som mellom anna omfattar silkeveving og garving, og kjemisk industri. Han har også viktig næringsmiddelindustri og maskinproduksjon.

Guru Nanak Dev University blei grunnlagd her i 1969 og er ein viktig utdanningsinstitusjon for sikhar, medan Khalsa College frå 1899 ligg like utanfor byen. Det finst også fleire høgskolar her.

Område[endre | endre wikiteksten]

Amritsar ligg 27 km frå den indisk-pakistanske grensa ved Wagah, og den næraste storbyen er Lahore i Pakistan. Delstatshovudstaden i Panjab, Chandigarh, ligg 217 km unna og den indiske hovudstaden New Delhi 465 km unna.

I tillegg til valfartsmålet Harmandir Sahib og minnesmerket Jallianwala Bagh er den store parken Ram Bagh ein viktig stad i Amritsar. Parken ligg nord i byen og huser sommarpalasset til maharadja Ranjit Singh.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Amritsar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Amritsar» (2011), Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica Ultimate Reference Suite. Chicago: Encyclopædia Britannica.
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.