Timur Lenk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Statue av Timur Lenk i fødestaden Shahrisabz i Usbekistan.

Timur Lenk (8. april 133618. februar 1405) var ein sentralasiatisk herskar, grunnleggjaren av Timuridedynastiet. Han var også kjend som Timur den halte, persisk Timur-i Lāng, som i Europa tidvis er blitt til Tamerlane.

Timur Lenk var fødd i Kesh (no Shahrisabz) eit stykke sør for Samarkand i dagens Usbekistan. Han høyrde til Barlas-stammen, ein tyrkisk-påverka mongolsk stamme. Sjølv hevda han at han stamma frå Djengis Khan, den tyrkisk/mongolske herskaren, men dette er omdiskutert. Frå 1369 var han emir i Samarkand – eit av dei viktigaste ikkje-ottomanske tyrkiske rika på den tida. Gjennom ei rekkje felttog la han store område under seg: Armenia, Afghanistan, Hindustan (Nord-India), Syria og Mesopotamia.

Kort tid etter Timur sin død gjekk riket i oppløysing. Han kjempa blant anna mot den ottomanske (tyrkiske) sultanen Beyazid og vann etter bitre kampar.

I Vesten har Timur heilt frå den tida han levde vorte skildra som en barbar, ein som er vond, lite sivilisert og øydeleggjande. Heller ikkje i Iran eller i Det osmanske riket vart han positivt omtala. Dette skuldast truleg krigane han førte mot Det osmanske riket. Men i dag har forskarane eit meir nyansert bilete av og eit meir objektivt syn på Timur Lenk. Både i den tyrkiske og i den islamske verda er han positivt omtala no. Også mange europeiske og amerikanske forskarar har begynt å fokusere på dei positive eigenskapane hans.

Ifølgje lokal tradisjon skal Timur ved sin død ha sagt at dersom nokon uroar grava hans, så skal dei bli ramma av ein grufull lagnad.

Timur Lenk var tippoldefar til Babur, som grunnla Mogulriket i India.

[endre] Kjelder

  • «Timur», Encyclopaedia Britannica 


Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk