Anna Carin Olofsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Anna Carin Zidek)
Gå til: navigering, søk
Anna Carin Zidek

Anna Carin Helena Cecilia Olofsson Zidek (fødd 1. april 1973) frå Sveg i Härjedalen) er ein svensk skiskyttar, og olympisk meister på fellesstart frå Torino i 2006.

Anna Carin Olofsson deltok i OL i Salt Lake City i 2002 som langrennsløpar. Ho begynte seint med skiskyting, først i 2003, men ho har etablert seg i verdstoppen. I VM i Hochfilzen i 2005 fekk ho sølv på fellesstarten, i verdscupen fekk ho sin første medalje same sesong med ein sølv frå Antholz (Anterselva).

I 2005/06-sesongen vann ho sitt første verdscuprenn, og i OL i Torino vann ho gull på fellesstart og sølv på sprinten.

Ho bur i Lillhärdal i Härjedalen.

Kortfatta merittliste[endre | endre wikiteksten]

(pr. 28. februar 2006)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]