Annapurna Himal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen omhandlar fjellkjeda. For den høgste toppen i massivet, sjå artikkelen Annapurna I.
Annapurna Himal
Annapurna I og Annapurna Sør, sett frå Poon Hill
Annapurna I og Annapurna Sør, sett frå Poon Hill
Høgd over havet 8 091 m.
Ligg i/på Nepal
Fjellkjede Himalaya
Koordinatar 28°35′43″N 83°49′11″E
Førsteklatring 3. juni 1950, Maurice Herzog og Louis Lachenal
Annapurna-massivet sett frå Phewa-sjøen.

Annapurna Himal er eit 55 kilometer langt fjellmassiv i den nepalske delen av Himalaya som strekkjer seg opp til 8 091 m (Annapurna I, verdas tiande høgaste fjell).

Administrativt ligg kjeda på austgrensa til Myagdi distrikt mot Kaski distrikt, i Dhaualagiri-sonen i Vestregionen av Nepal. Fjellet går høgt opp inne i Kaski, men toppen på Annapurna I skal vere innanfor Myagdi.

Det blir arrangert ein populær fjelltur rundt massivet, Annapurna Circuit.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Annapurna er namnet på ei hindugudinne som òg blir kalla Parvati («fjelldottera») – i ulike mytologiar identisk med gudinnene Durga («den utilgjengelege») og Kali («den svarte»). Namnet på fjellet er sanskrit og sett saman av anna («næring») og purna («full av»), det vil seie «Gudinna som nærer» eller «Overflodsgudinna».[1]

Einskilde toppar på massivet har franske namn dei fekk etter førsteklatringa av A I i 1950, til dømes Roc Noir, Grande Barrière og andre.

Klatrehistorikk[endre | endre wikiteksten]

Annapurna I er rekna som eitt av dei vanskelegaste fjella over 8000 meter å klatre opp på, mykje på grunn av stor skredfare. Per 2005 hadde berre 130 menneskje stått på toppen, og 56 har døydd medan dei prøvde å klatre opp på fjellet.

Trass dei store utfordringane forbunden med klatring i Annapurna-massivet, var Annapurna I det første fjell over 8000 meter som fekk ein vellykka bestigning. Den 3. juni 1950 stod Maurice Herzog og Louis Lachenal frå ein fransk ekspedisjon som dei første menneskjer på toppen av eit av verdas fjell på over 8000 meter.

Annapurna II, den austlegaste toppen i massivet, blei først klatra i 1960. I høve til høgde over havet (7 937 moh.), avstand til nærmaste høgare topp (30,5 kilometer til Annapurna I), og primærfaktor (2 437 meter) er også Annapurna II eit av dei mest overveldande fjella i Himalaya, og det 16. høgaste fjellet i verda.

Machapuchare (6 993 moh.) er ein annan topp i Annapurna-massivet som peiker seg ut. Dette er eit av dei heilage fjella i Nepal, og derfor stengt for klatrarar.

Einskildtoppar[endre | endre wikiteksten]

Annapurna Sør, bak Fang og Annapurna I
Frå nordaust mot Tilicho Peak, Nilgiri-Nord, Midt og -Sør; bak dei Annapurna I, Fang A. Sør
Toppane på Annapurna Himal[2]
Fjell/Topp Høgd Skardhøgd Referansetopp
Annapurna I 8 091 m 2984 m Mount Everest
Annapurna I Midtre 8 051 m ikkje oppgjeve Annapurna I
Annapurna I Nordaust 8 010 m ikkje oppgjeve Annapurna I
Annapurna II 7 937 m 2437 m Annapurna I
Varahar Shikar (Fang, Bhara Chuli) 7 647 m 267 m Annapurna I
Annapurna III 7 555 m 703 m Annapurna I
Annapurna IV 7 525 m 225 m Annapurna II
Roc Noir (Khangsar Kang) 7 485 m ikkje oppgjeve Annapurna I
Gangapurna 7 455 m 563 m Annapurna III
Annapurna Sør (Annapurna Dakshin, Moditse) 7 219 m 769 m Annapurna I
Glacier Dome (Tarke Kang) 7 193 m ikkje oppgjeve Annapurna I
Asapurna I 7 140 m 262 m Annapurna I
Tilicho Peak 7 134 m 710 m Annapurna I
Annapurna Dakshin North East 7 126 m 151 m Annapurna Sør
Asapurna II (Tare Kang) 7 069 m 156 m Asapurna I
Nilgiri Nord 7 061 m 841 m Annapurna I
Machapuchare 6 993 m 1233 Annapurna I
Lamjung Himal 6 983 m ikkje oppgjeve Annapurna II
Nilgiri Midtre 6 940 m 240 m Nilgiri Nord
Nilgiri Sør 6 839 m 609 m Nilgiri Nord
Fjelltoppar med påskrift

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Günter Oskar Dyhrenfurth: Zum dritten Pol. Die Achttausender der Erde. München 1952, S. 157
  2. Høgd, skardhøgd og refertansetoppar etter High Asia - All mountains and main peaks above 6750 m av Eberhard Jurgalski, www.8000ers.com (henta 5. juli 2012)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Annapurna Himal