Annapurna I

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen omhandlar 8000 meters-fjellet Annapurna I. For massivet fjellet ligg på, sjå artikkelen Annapurna Himal.
Annapurna I
Sørveggen av Annapurna I. Dei tre toppane er frå venstre Annapurna I (hovudtoppen), Annapurna I Midtre og  Annapurna I Nordaust (det tilsynelatande høgste punktet)[1]

Sørveggen av Annapurna I. Dei tre toppane er frå venstre Annapurna I (hovudtoppen), Annapurna I Midtre og Annapurna I Nordaust (det tilsynelatande høgste punktet)[1]

Høgd over havet 8 091 m
Område Nepal
Fjellområde Annapurna Himal, Himalaya
Dominans 33,62 km → Dhaulagiri
Skardhøgd 2 984 mfd2
Koordinatar 28° 35′ 45″ N, 83° 49′ 12″ AKoordinatar: 28° 35′ 45″ N, 83° 49′ 12″ A
Annapurna I (Nepal)
Annapurna I
Førsteklatring Maurice Herzog og Louis Lachenal, 3. juni 1950
Normalrute Nordveggen
Nordvestsida av Annapurna: til venstre hovudtoppen, ved sida av Sans Nom (vestskuldra) og midt i bildet Fang.

Nordvestsida av Annapurna: til venstre hovudtoppen, ved sida av Sans Nom (vestskuldra) og midt i bildet Fang.

pd5

Annapurna I (nepali अन्नपूर्ण Annapūrṇa; tidlegare òg Morshiadi) er ein 8000 meter i Annapurna Himal-massivet i Himalaya, Nepal. Med ei høgd på 8 091 m er Annapurna I den tiande høgste fjelltoppen i verda.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Annapurna er namnet på ei hindugudinne som òg blir kalla Parvati («fjelldottera») – i ulike mytologiar identisk med gudinnene Durga («den utilgjengelege») og Kali («den svarte»). Namnet på fjellet er sanskrit og sett saman av anna («næring») og purna («full av»), det vil seie «Gudinna som nærer» eller «Overflodsgudinna».[2]

Geografisk plassering[endre | endre wikiteksten]

Annapurna I er hovudtoppen på Annapurna Himal, eit stort fjellmassivet som rommar fleire sjølvstendige fjell. Annapurna I ligg i den vestlege enden av fjellkjeda der den knekk av frå ein aust-vestleg retning mot sør og endar i Annapurna Sør. Aust for hovudtoppen forgreinar det seg ei anna egg mot sør som tilslutt stig opp mot 6 993 m høge Machapucharé. Sørveggen på Annapurna I og eggene til Annapurna Sør og Machapucharé rammar inn ein isolert botn, det såkalla Annapurna Sanctuary («heilagdom») der Annapurna Base Camp («ABC») ligg på om lag 4 200 m.

Topografi og bitoppar[endre | endre wikiteksten]

Annapurna I er ein langstrakt kam som strekkjer seg i aust-vestleg retning. På denne egga ligg toppane Glacier Dome (Tarke Kang) (7 193 m), Roc Noir (Khangsar Kang) (7 485 m), Annapurna I Nordaust (8 010 m), Annapurna I Midtre (8 051 m) og hovudtoppen Annapurna I (8 091 m). Vest for hovudtoppen ligg vestskuldra Sans Nom («Namnlaus») og Annapurna Fang (Varahar Shikar/Baraha Shikar/Bharha Chuli) (7 647 m).

Sør for Fang ligg den sjølvstendige toppen Annapurna Sør og aust for Roc Noir ligg Gangapurna som òg er sjølvstendig. Ved Roc Noir greinar dessutan Grande Barrière seg mot nord, og egga med Tent Peak (5 945 m) mot sør, der den skil Sanctuary. Nordegga som går ut frå hovudtoppen Annapurna I deler nordsida i ein nordaust- og ein nordvestvegg.

Klatrehistorikk[endre | endre wikiteksten]

Annapurna Base Camp med Machapucharé i bakgrunnen.

Maurice Herzog og Louis Lachenal, deltakarar på ein fransk ekspedisjon var 3. juni 1950 dei første til å klatre Annapurna I. Dette var den første klatringa av eit fjell over 8 000 m. Det opphavlege målet for ekspedisjonen var Dhaulagiri, men dei valde til slutt Annapurna fordi foten av fjellet var lettare tilgjengeleg.

Den første klatringa av sørveggen gjorde engelskmennene Don Whillans og Dougal Haston 27. mai 1970.[3]

Sveitserane Erhard Loretan og Norbert Joos traverserte i 1984 heile austegga på Annapurna fra søraust. Aust for Tent Peak gjekk dei opp ved Glacier Dome over Roc Noir til aust og midt-toppane og vidare til hovudtoppen for tilslutt å stige ned på nordsida av massivet. Med det lukkast dei i å gå over massivet og dei tre toppane over 8 000 m.[4]

Ein austerriksk ekspedisjonen med Herrmann Neumair, sherpa Ang Chhopal og Sepp Mayerl stod på bitoppen Annapurna Fang 17. mai 1980; fram til då var dette den høgste uklatra toppen i Nepal.[5]

Annapurna er den 8000 meterstoppen som sjeldnast blir klatra. Fjellet er ekstremt utsett for snøskred så klatring her er forbunden med svært stor risiko: fram til slutten av 2008 har 154 vore på toppen – til same tid har det vore 60 dødsfall på fjellet, to tredeler av desse i snøskred. Av kjente klatrarar som har mist livet her er Anatolij Bukrejev, Iñaki Ochoa de Olza, Christian Kuntner og Ian Clough.[6]

Roc Noir frå nordaust. Heilt til høgre Annapurnas toppegg.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Arlene Blum, Annapurna: A Woman's Place. Sierra Club Books, San Francisco 1980, ISBN 0-87156-236-7.
  • Maurice Herzog. Annapurna: First Conquest of an 8000-meter Peak. E.P Dutton & Co., New York, 1953
  • Reinhold Messner: Annapurna. 50 Jahre Expeditionen in die Todeszone. BLV, München 2000, ISBN 3-405-15769-2
  • Gustav Harder, Werner Müller-Esterl: Annapurna I. Der vergessene Achttausender. Nymphenburger, München 1981, ISBN 3-485-01646-2
  • Chris Bonington: Annapurna South Face: The Classic Account of Survival, Avalon Travel Publishing 2001 ISBN 978-1560253150 (om førsteklatringa opp sørveggen)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Annapurna

Teksten er omsett frå artikkelen Annapurna på Wikipedia på tysk slik den var 2. juli 2012.