Apen drill

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Apen drill

Status i verda: EN Sterkt truga[1]

Drill Lincolnparkzoo.jpg

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Mammalia
Orden: Primates
Familie: Cercopithecidae
Slekt: Mandrillus
Art: M. leucophaeus
Vitskapleg namn
Mandrillus leucophaeus

Drill (Mandrillus leucophaeus) er ein utryddingstruga dyreape som lever i mellom anna Kamerun og Nigeria. Han utgjer slekta mandrillar (Mandrillus) saman med mandrillen, og er også i slekt med bavianar.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Drillen kan ha ei lengd på opptil 70 cm og ein hale på rundt 12 cm. Hannane er større enn hoene, dei kan vera opptil dobbelt så tunge. Gjennomsnittsvekt for hannar er 32,3 kg medan ho er 11,7 kg for hoer.[2]

Dyret er dekt av mørekbrun eller svartleg pels med ein kvit hårkrans rundt andletet. Andlet og bakdel er hårlause. Andletet er svart. Det har lang snute med tydelege langsgåande kantar. Baken kan vera blå til purpurraud.[3]

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Utbreiinga til drillen.

Drill lever i regnskogområde søraust i Nigeria, vest i Kamerun[3] og på øya Bioko, som høyrer til Ekvatorialguinea. Bestanden på denne øya utgjer ein eigen underart, Mandrillus leucophaeus poensis.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Apen lever i grupper på rundt 25 individ. Kvar gruppe er sett saman av ein hann og fleire hoer og ungane deira. Ulike grupper kan gå saman til ei storgrupp på opptil 200 individ. Drilla kommuniserer med kroppsspråk og ulike skrik.

Han er dagaktiv og går hovudsakleg på alle fire på bakken. Hoer kan av og til klatra opp i låge greiner med ungane sine.

Drill er ein altetar som finn føden på bakken. Han har eit variert kosthad av plantar som frukt og nøter, sopp, insekt og tidvis små pattedyr.[3]

Lite er kjend om forplantinga til arten. Hoene syner at dei er paringsklare gjennom ein meir intens farge i baken. Dei er drektige i 6-7 månader. Som regel føder dei berre ein unge om gongen.

Trugsmål[endre | endre wikiteksten]

Drill er truga av jakt og tap av leveområde ettersom skogen blir gjort om til jordbruksjord. Arten er svært sjeldan og har truleg berre 3000 nolevande individ. Korup nasjonalpark i Kamerun blei danna for å verna drillen. Framtida til arten er likevel uviss, og han er framleis rekna som «sterkt truga» av IUCN.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mandrillus leucophaeus på IUCN si raudliste, Butynski et al (2000), versjon 6. mai 2006
  2. Gron KJ (2009 October 14.), Primate Factsheets: Drill (Mandrillus) Taxonomy, Morphology, & Ecology, http://pin.primate.wisc.edu/factsheets/entry/drill/taxon 
  3. 3,0 3,1 3,2 «drill – primatart» i Store norske leksikon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Apen drill