Arctic Monkeys
| Arctic Monkeys | |
| Opphav | England |
| Periode | 2002— |
| Sjanger | Punk, indierock |
| Medlemmer | |
|---|---|
| Alex Turner Jamie Cook Matt Helders Nick O'Malley |
|
Arctic Monkeys er eit indierockeband frå Sheffield i England som blei danna i 2002. Medlemmene er Alex Turner på vokal og gitar og Jamie Cook på gitar, som grunnla gruppa, Matthew Helders på trommer og Nick O'Malley på bass (overtok etter Andy Nicholson).
Etter å ha bygd opp ein lojal fanbase ved å spela konsertar og legga ut demoar på nettet, fekk bandet kontrakt med Domino Records i 2005. Hausten 2005 blei Arctic Monkeys — mykje takka vere musikkmagasinet NME — ein «hype» i England utan å ha gjeve ut eitt album. Singelen «I Bet You Look Good On The Dancefloor» kom i slutten av oktober og gjekk rett til førsteplassen på dei britiske singellistene. I januar 2006 kom albumet Whatever People Say I Am, That's What I'm Not, som blei det raskast seljande debutalbumet i Storbritannia nokonsinne. Det andre albumet til gruppa, Favourite Worst Nightmare, kom ut i april 2007.