NME

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
NME

Oppretta1952
Språkengelsk
Nettstadhttps://www.nme.com
NME sitt telt under Reading Festival 2005

NME, kort for New Musical Express, er eit britisk musikkmagasin som har kome ut kvar veke sidan 7. mars 1952. Bladet skriv i dag hovudsakleg om ny musikk innan sjangrar som rock, pop og indie. Bladet har stor utbreiing og påverknad. Det held ei årleg prisutdeling, NME Awards.

Bladet har vore blant dei største musikkblada, med eit opplag på 56 284 i juni 2008, og var på 1970-talet var NME det mestseljande bladet i Storbritannia. I mars 2018 kunngjorde utgjevaren av bladet at det berre kom til å koma ut digitalt, etter 66 år som papirmagasin.[1][2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

New Musical Express bygde på Musical Express and Accordion Weekly, som var kjøpt på randa av konkurs av Maurice Kinn. Han endra profilen og bygde det opp til eit framståande musikkblad.[3] New Musical Express byrja den første britiske hitlista, UK Singles Chart, etter modell av den amerikanske Billboard-lista, i november 1952. På 1960-talet støtta det opp om britiske musikkgrupper, og hadde fleire gonger The Beatles og The Rolling Stones på framsida. Bladet var populært og hadde opplag på opptil 200 000.

New Musical Express kjempa mot bladet Melody Maker om lesarar. Tidleg på 1970-talet hadde Melody Maker flest lesarar, og NME var truga av nedlegging. Det fekk ein ny redaktør, Alan Smith, som endra stilen frå eit ukritisk hyllande blad til meir kynisk, humoristisk og «hipt». Bladet tilsette også journalistar frå undergrunnspressa utan musikkbakgrunn. Bladet auka populariteten og fekk opplagstal opp mot 300 000 i 1973.

Seinare på 1970-talet ønskte bladet å få ei betre dekning av den nye pønkstilen, og tilsette Tony Parsons og Julie Burchill. På denne tida blei bladet meir politisk og samfunnsretta. Det var kritisk mot nasjonalistpartiet British National Front, og hevda etter valet av Margaret Thatcher i 1979 eit sosialistisk syn i det påfølgjande tiåret.

På midten av 1980-talet opplevde bladet sviktande salstal og indre splitting. Nokre skribentar ønskte å skriva om den nye sjangeren hip hop medan andre ville halda på fokuset på rock. Tre leiarar blei sparka og Alan Lewis sett inn som ny redaktør. Bladet fekk fleire nye journalistar og ein ny retning. NME dekte nye britiske musikkstilar som goth-rock og «Madchester» og fekk igjen fleire lesarar.

I 1990-åra var britisk musikkliv dominert av amerikansk grunge-rock, men NME tok til seg stilen seinare enn andre. I staden var dei tidleg ute når det gjaldt britpop, eit omgrep NME sjølv lanserte i 1994 etter Blur si utgjeving av Parklife. Tidleg på 2000-talet prøvde bladet å dekka eit vidare musikkspektrum med oppslag om populære artistar som Jay-Z, Missy Elliott, Destiny's Child og Aphex Twin, men desse slo ikkje an og bladet gjekk tilbake til ein meir rock-retta profil. Det heia fram grupper som The Strokes, The Vines, The Libertines og The White Stripes i det det kalla «The New Rock Revolution». NME har seinare dekka fleire britiske indiegrupper som Franz Ferdinand, Bloc Party, Kaiser Chiefs og seinare Arctic Monkeys.

Format[endre | endre wikiteksten]

NME var lenge trykt på avispapir. I mars 1998 gjekk bladet over til glansa papir, og endre seinare storleik til tabloidformat. I mai 2008 fekk det ny utsjånad og stil med ein meir vaksen og mindre pop-aktig, ungdomsretta stil.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "NME to stop publishing weekly print magazine”". Press Gazette, 7. mars 2018.
  2. Petridis, Alexis (7. mars 2018). «Farewell to NME: a rock'n'roll riot that petered into silence | Alexis Petridis». The Guardian (på engelsk). Henta 8. mars 2018. 
  3. Chris Hutchins (10. august 2008). «Mauirce Kinn». 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]