Indie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Indie er ei forkorting for engelske independent, som betyr uavhengig. I utgangspunktet var indie eit namn på musikk av artistar som var på uavhengige plateselskap, eller ikkje på plateselskap i det heile teke. Eit uavhengig plateselskap (indie record label) er eit selskap som ikkje høyrer til eit stort selskap (Virgin er eit stort selskap, medan Creation er uavhengig, for å ta eit døme.).

Ulik bruk av namnet indie [endre]

I utgangspunktet vart indie brukt utelukkande om band på små selskak, noko som tilsei at sjangeren omfatta veldig mykje forskjellig musikk. I ettertid har indierock og indiepop, og for den saks skyld berre indie, blitt eigne sjangrar utan at artistane treng å vere på små selskap. På 1980-talet vart namna indie og alternativ rock brukt om kvarandre om rock som ikkje var kommersiell, eller følgde andre retningar enn det som var vanleg på den tida. Utover 1990-talet vart indie dratt opp av undergrunnen ved hjelp av store band som Nirvana og Pearl Jam.

Det er, av fleire grunnar, vanskeleg å definere sjangeren indie musikalsk. Når det gjeld indierock og indiepop, kan eim seie at musikken i hovudsak er gitardreven, og kan omfatte andre sjangrar som britpop, madchester, tweepop, emo og grunge. Band som ofte nemnast i forbinding med indie-sjangaren er amerikanske Pixies og britiske The Smiths.

Band [endre]

Dette er eit utval band som har blitt omtalt som indie, uansett kva slags selskap dei er på. Mange av desse kan nok også finnast under andre sjangrar.

Kjelder [endre]

.