Arno

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Arno
LocationArno.PNG
Utspring Mount Falterona
- Høgd 1 385 m
Munning Tyrrenhavet
Land i nedslagsfelt Italia
Lengd 241 km
Middelvassføring 110 m³/s (ved munningen)
Nedslagsfelt 8 228 km²
Renn gjennom Firenze, Empoli og Pisa

Arno er ei elv i Toscana i Italia og den viktigaste elva i sentrale område av Italia etter Tiber.

Elva har sitt utspring i Mount Falterona i Casentino-området i Appenninane og renn først sørover. Elva snur vestover nær Arezzo og renn gjennom Firenze, Empoli og Pisa før ho munnar ut i Tyrrenhavet ved Marina di Pisa. Med ei lengd på 241 km er ho den lengste elva i regionen. Dei største sideelvane hennar er Sieve (60 km), Bisenzio (49 km), Ombrone, Era, Elsa, Pesa og Pescia. Nedslagsfeltet er om lag 8 200 km² og drenerer følgjande område:

  • Casentino i provinsen Arezzo utgjer den øvre delen av elva fram til ho renn saman med Maestro della Chiana-kanalen.
  • Val di Chiana ei slette som vart drenert på 1700-talet, og som fram til då hadde vore eit myrområde som høyrte til Tiber sitt nedslagsfelt.
  • Øvre Valdarno, ein lang dal som i aust grensar til Pratomagno-massivet og i vest til åsane rundt Siena.
  • Sieveområdet, som fører til Arno like før Firenze.
  • Midtre delar av Valdarno med sletta der Firenze, Sesto Fiorentino, Prato og Pistoia ligg.
  • Nedre Valdarno med ein dal med viktige sidelvar som Pesa, Elsa og Era og området der Arno renn ut i Tyrrenhavet etter Pontedera. Elva har svært varierande vassføring som varierer frå 6 m³/s til meir enn 2 000. Munningen av elva var ein gong nær Pisa, men er i dag fleire kilometer vestover.

Arno renn gjennom Firenze, der ho renn under bruene Ponte Vecchio og Ponte Santa Trinita (bygd av Bartolomeo Ammannati, inspirert av Michelangelo). Elva skapte tidlegare ofte flaum i byen, sist gong under den kjende flaumen i 1966 der elva hadde ei vassføring på 4 500 m³/s etter at det kom 437,2 mm nedbør i Badia Agnano og 190 mm i Firenze på berre 24 timar.

Vassføringa til Arno er svært avhengig av nedbørsmengda i området og kan gå frå å vere nesten heilt uttørka til nesten flaumaktig på berre få dagar. Der Arno renn ut av Appenninane har måleinstrument målt verdiar mellom 0,56 m³/s og 3 540 m³/s. Nye demningar bygd oppfor Firenze har betra dette problemet dei siste åra.

Under flaumen i Firenze, 4. november 1966 kollapsa ein jordvoll og minst 40 menneske mista livet og øydela mykje verdifull kunst og sjeldne bøker. Nye bevaringsteknikkar var inspirert av katastrofen, men sjølv 40 år etter er det framleis hundresvis av kunstversk som ventar på å verte restaurert.[1]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Alison McLean (2006) «This Month in History» – Smithsonian, bind 37, nr. 8, s. 34.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Arno

Kjelder[endre | endre wikiteksten]