Artur Schnabel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Artur Schnabel, om lag 1906.

Artur Schnabel (17. april 188215. august 1951) var ein austerriksk pianist og komponist, særleg kjend for å spela pianoverka til Beethoven og Schubert.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Artur Schnabel vart fødd som yngste barnet i ein jødisk familie i Bielsko-Biała i Galizia, Austerrike-Ungarn. Staden er i dag ein del av Polen. I 1884 flytte familien til Wien, der Artur Schnabel fatta interesse for å spela piano frå han var fire år gamal. Allereie som seksåring fekk han timar av professor Hans Schmidt ved konservatoriet i Wien. 3 år seinare fekk han den polske pianisten Teodor Leszetycki til pianolærar. Han fekk pianoundervisning av Leszetycki frå 1891 til 1897. I tillegg studerte han komposisjon under Eusebius Mandyczewski. Mandyczewski var ein kjenning av komponisten Johannes Brahms, og tok Artur Schnabel med på konsert med Brahms, noko som gjorde stort inntrykk på den unge Artur Schnabel.

Artur Schnabel konsertdebuterte i 1897 i Wien, og hadde konsertar i Budapest, Praha og Brno same året. Alle desse byane låg den gongen i keisardømet Austerrike-Ungarn. I 1898 flytte Schnabel til Berlin i Det tyske keisardømet. Her gifte han seg få år seinare med songarinna Therese Behr-Schnabel, som han også hadde konsertar i lag med. Artur Schnabel begynte no å bli kjend som konsertpianist, og reiste på turnéar i heile den vestlege verda. I byrjinga av 1900-talet skipa han Schnabel-trioen der han opptrådte saman med ein cellist og ein fiolinist.

Frå 1925 underviste Artur Schnabel ved eit musikkakademi i byen. Då NSDAP kom til makta i 1933, valde Schnabel, som var jøde, å forlata Tyskland og reiste til England der han oppheldt seg ei stund. I 1939 reiste han til Sambandsstatane, der han tok ei undervisningsstilling i musikk ved University of Michigan. Etter at andre verdskrigen tok slutt i 1945 reiste han tilbake til Europa. Dei siste leveåra sine verka han som konsertpianist og komponist før han døydde i Schwyz i Sveits i 1951. Her ligg han òg gravlagd.

Arv[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste komposisjonane til Schnabel omfattar 3 symfoniar, ein pianokonsert, fem strykekvartettar samt nokre sonater og lieder.

Saman med Therese Behr-Schnabel fekk han sonen Karl Ulrich Schnabel (1909-2001) som vart ein kjend pianist. Ein annan son, Stefan Schnabel (1912-1999) vart skodespelar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]