Bielsko-Biała
| Bielsko-Biała | |||||
|---|---|---|---|---|---|
| Rådhuset i Bielsko-Biała | |||||
|
|||||
| Plassering | |||||
|
|
|||||
| Styresmakter | |||||
| Land Voivodskap |
Schlesiske voivodskap |
||||
| Byrettar | 1312 Bielsko 1723 Biała |
||||
| Borgarmeister | Jacek Krywult | ||||
| Geografi | |||||
| Flatevidd - By |
124,51 km² |
||||
| Innbyggjarar - Totalt (2006) - folketettleik |
176 678 1419/km² |
||||
| Koordinatar | Koordinatar: | ||||
| Høgd over havet | 262-1117 moh | ||||
| Diverse annan informasjon | |||||
| Postnummer | 43-300 til 43-382 | ||||
| Telefon-retningsnummer | +48 033 | ||||
| Bilnummer | SB | ||||
| Nettstad: www.um.bielsko.pl | |||||
Bielsko-Biała (tysk Bielitz-Biala; tsjekkisk Bílsko-Bělá) er ein by sør i Polen med om lag 175 000 innbyggjarar.
Bielsko-Biała består av to tidlegare byar på kvar side av elva Biała, Bielsko og Biała, som vart slått saman i 1951. Han ligg i Schlesiske voivodskap (sidan 1999) og var tidlegare hovudstad i Bielsko-Biała voivodskap (1975-1998).
Historie [endre]
Det noverande sentrumet i byen vart truleg utvikla på første halvdel av 1200-talet. På denne tida vart det bygd ei borg på ein ås. Borga står framleis i dag.
På andre halvdel av 1200-talet inviterte Piast-hertugar av Opole (Oppeln) tyske nybyggjarar til landområdet mellom Schlesien og Vesle-Polen for å kolonisere Dei schlesiske Beskidane. Nærliggande busetnader vest for Biała var Nikelsdorf, Kamitz, Alt-Bielitz (i dag Stare Bielsko), Batzdorf og Kurzwald. Nærliggande busetnader aust for elva var Kunzendorf, Alzen og Wilmesau. I fjella like ved låg Lobnitz og Bistrai.
Etter delinga av Hertugdømet Oppeln i 1281 gjekk Bielsko til hertugane av Cieszyn (Teschen). Byen vart først nemnd i skriftlege kjelder i 1312 då ein hertug av Cieszyn gav han byrettar. Frå 1457 var Biała grensa mellom Schlesien (i Det tysk-romerske riket) og Vesle-Polen. Byen Biała vart grunnlagd på motsett side av Biała i 1723.
Under den første delinga av Polen i 1772 vart Biała annektert av Habsburgmonarkiet til Austerrike, inkludert Galicia. I 1918 vart begge byane ein del av Den andre polske republikken, sjølv om størstedelen av innbyggjarane var tyskarar. Under den andre verdskrigen vart byen annektert av Nazi-Tyskland og den jødiske folkesetnaden vart send til Auschwitz konsentrasjonsleir. Etter den raude arméen frigjorde byen i 1945 vart den tyske folkesetnaden drive bort.
Byen Bielsko-Biała vart oppretta 1. januar 1951 då dei to byane Bielsko og Biała vart slått saman.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Bielsko-Biała» frå Wikipedia på engelsk, den 15. juni 2008.