Arun-elva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Arun
elv
none  Stopham Bridge nær Pulborough
Land Flag of England.svg England
Grevskap West Sussex
Distrikt Horsham, Arun
Tilløp
 - høgre Rother
Byar Horsham, Arundel, Littlehampton
Kjelde
 - stad St Leonard's Forest, West Sussex
 - høgd 125 moh
Munning
 - stad Littlehampton, West Sussex
 - høgd moh
Lengd 41 km
Nedslagsfelt 974 km²

Arun er ei elv i grevskapet Sussex i England. Ho har kjeldene sine i ei rekkje små bekker (lokalt kjent som ghylls eller gills) i området St Leonard's Forest austom Horsham. Ho renn forbi Horsham og renn ved Nowhurst saman med North River (òg kalla Ockle), som kjem frå åsane i Leith Hill og Holmbury Hill i Surrey. Elva renn gjennom Arundel og forbi Arundel Castle, og munnar ut i Den engelske kanalen ved Littlehampton. Den viktigaste sideelva er den vestre Rother. Arun er 41 km lang.

Arun er knytt til kanalnettet gjennom Wey og Arunkanalen som no er under restaurering etter å ha vore stengt sidan 1871. Ho er påverka av tidvatnet opp til Pallingham Quay nordvest for Pulborough.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Arun-elva