Rother i West Sussex
| Rother | |
| elv | |
|
Terwick Mill ved landsbyen Trotton
|
|
| Land | |
|---|---|
| Grevskap | Hampshire, West Sussex |
| Kjelde | Empshott i Hampshire |
| Munning | Arun ved Stopham i West Sussex |
| Lengd | 48 km |
Rother er ei elv i grevskapa Hampshire og West Sussex i England. Ho er 48 kilometer lang, og renn frå Empshott i Hampshire til ho munnar ut i Arun ved Stopham i West Sussex.
Den nedste delen til elva, nedstraums frå Midhurst, vart gjort farbar for båttrafikk ved bygginga av vassvegen Western Rother Navigation i 1794.[1] Rother Navigation steig 26 meter frå Stopham til Midhurst ved hjelp av åtte sluser. Petworth vart knytt til elva med ein kort kanal kalla Petworth Canal, som var to kilometer lang med to slusar.[2] Vassvegen vart stengt for trafikk i 1888, og formelt forlate i 1936.
Elva får delar av vassføringa si frå kjelder i den bratta hellinga i krittlaga i South Downs, som renn med konstant volum og temperatur gjennom heile året. Dette gjev elva ei meir stabil sommervassføring enn kva ein finn i det øvre løpet til Arun, som drenerer leiregrunn. Denne stabile vassføringa gav kraft til fleire vassmøller langs elva.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Rother (vest)» frå Wikipedia på bokmål, den 6. juli 2011.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene: