Ascoli Piceno

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ascoli Piceno
Piazza del Popolo i Ascoli
Piazza del Popolo i Ascoli
Byvåpenet til Ascoli Piceno
Byvåpenet til Ascoli Piceno


Plassering
Ascoli Piceno is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Marche
Ascoli Piceno
Borgarmeister Piero Celani
Geografi
Flatevidd
 - By

160 km²
Innbyggjarar
 - Totalt
   - folketettleik

50 135
  313/km²
Koordinatar 42°51′″N 13°35′″EKoordinatar: 42°51′″N 13°35′″E
Høgd over havet 154 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 63100
Telefon-retningsnummer 0736
Nettstad: www.comune.ascoli-piceno.it

Ascoli Piceno er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Ascoli Piceno i regionen Marche og har om lag 50 000 innbyggjarar.

Byen ligg der elvane Tronto og Castellano renn saman og er omgjeve av fjell i tre retningar. To naturparkar ligg rundt byen, ein i nordvest (Parco Nazionale dei Monti Sibillini) og den andre i sør (Parco Nazionale dei Monti della Laga). Ascoli er forbunde til Adriahavet og byen San Benedetto del Tronto via jernbane, til Porto d'Ascoli via motorveg, medan Via Salaria går til Roma.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ascoli vart grunnlagd av eit italisk folk (Piceni) fleire hundre år før Roma bygde den viktige romarvegen Via Salaria som forbandt Latium med saltproduksjonsområda ved kysten av Adriahavet. I 268 fvt. vart han ein civitas foederata, med formelt sjølvstende frå Roma. I 91 fvt. gjorde byen i lag med andre byar i Sentral-Italia opprør mot Roma, men i 89 fvt. vart han gjenerobra og øydelagd av Pompeius Strabo. Innbyggjarane fekk romersk borgarskap og følgde utviklinga og etter kvart fallet til Romarriket.

I mellomalderen vart han ramponert av austgotarar, så av den langobardiske kongen Faroald (578). Etter nesten to hundre år som ein del av det lombardiske Hertugdømet Spoleto (593-789) vart Ascoli styrt av frankarar gjennom statthaldarane deira, men etter kvart var det i praksis biskopen som styrte og hadde makta i byen.

I 1189 vart det oppretta ein fri republikansk kommune, men indre stridar førte etter kvart til at utanlandske folk, som Galeotto Malatesta (1300-talet) og Francesco Sforza kunne gå inn og ta over styringa. Sforza vart kasta ut i 1482, men Ascoli vart tvunge inn under Kyrkjestaten igjen. I 1860 vart han i lag med Marche og Umbria annektert til Kongedømet Italia.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ascoli Piceno

Kjelder[endre | endre wikiteksten]