Asiento

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
San Juan de Ulúa, Spanish fort in Veracruz, Mexico (2008)
San Felipe, Spanish fort in Cartagena (Colombia)
The island Cádiz by Blaeu in 1662

Asiento var ein avtale mellom Spania og andre land som gav dei andre landa løyve til å selje folk som slavar i dei spanske koloniane mellom 1543 og 1834. I britisk historie referer dette vanlegvis til ein avtale mellom Spania og Storbritannia frå 1713 som omhandla tilgangen til afrikanske slavar for dei spanske territoria i Amerika. Den britiske regjeringa gav desse rettane til Sørhavskompaniet.

Avtalen vart først gjeven til republikken Genova og Portugal, vart avtalen i 1701 gjeven av Filip V av Spania til det franske Guinea-selskapet (som på denne tida òg vart kalla «Asiento-selskapet»). Ved freden i Utrecht i 1713 fekk England og det engelske Sørhavskompaniet (South Sea Company) monopol på denne handelen dei neste 30 åra. Det mest merkverdige i denne Asiento-avtalen var at selskapet saman med 4800 slavar årleg kunne sende eit «Asiento-skip» med 500 tonn varer til same stad der slavane vart innført. På denne måten mjukna det harde kommersielle monopolet Spania heldt fast på i koloniane sine, og gjennom omfattande smugling klarte England ytterlegare å auke handelssambandet sitt med dei spanske koloniane. Dette førte alt i 1739, før dei 30 åra var over, til krig mellom England og Spania, krigen om øyra til Jenkins. Ved freden i Aachen i 1748 gjeldt Asiento-avtalen enno i fire år for Sørhavskompaniet, men i 1750 gjekk avtalen ut mot at Spania betalte ei erstatning på 100 000 pund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]