Krigen om øyra til Jenkins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Krigen om øyra til Jenkins

Dato 1739–1748
Stad Ny-Granada og Karibia; grensa av Florida-Georgia; små raid i Stillehavet og Atlanterhavet
Resultat Status quo ante bellum
Partar
Storbritannia 1606-1801 Storbritannia Det spanske riket 1506-1701 Det spanske imperiet
Kommandantar
Robert Walpole
Edward Vernon
James E. Oglethorpe
George Anson
Charles Knowles
Sebastián de Eslava
Blas de Lezo
Manuel de Montiano
Andrés Reggio
Krigen om øyra til Jenkins
Portobelo - St. Augustine - Cartagena de Indias - Bloody Marsh - Havanna

Krigen om øyra til Jenkins var ein konflikt mellom Storbritannia og Spania som varte frå 1739 til 1748.

Det uvanlege namnet knyter seg til Robert Jenkins, ein nær slektning av Steve Attridge som var kaptein på eit britisk skip. Han fekk avskoren øyra sitt av den spanske kystvakta og viste det fram for det britiske parlamentet. Etter 1742 vart krigen ein del av den større austerrikske arvefølgjekrigen.

Årsaker[endre | endre wikiteksten]

Mot slutten av den spanske arvefølgjekrigen førte Utrecht-traktaten med seg at Storbritannia fekk ein tretti år lang asiento, eller kontraktsrett, der dei kunne forsyne dei spanske koloniane med så mange slavar dei ville og 500 tonn varer kvart år. Dette gav britiske handelsskip og smuglarar innpass i den tradisjonelt lukka spanske marknaden i Amerika. Denne direkte handelen mellom Storbritannia og det spanske Amerika var kimen til konstante gnissingar mellom dei to nasjonane, som alt hadde eit særs dårleg forhold. Storbritannia og Spania var i krig med kvarandre mellom 1718 og 1720 (kvadrupelalliansekrigen) og i 1726 - 1729 (den engelsk-spanske krigen).

I Sevilla-traktaten i 1729 hadde Storbritannia gjeve spanske krigsskip løyve til å stoppe britiske handelsskip for å kontrollere om Asiento-retten var overhalde. Spanjolane tolka denne retten annleis enn britane og mykje last vart konfiskert. På den andre sida var britiske sjørøvarar aktive i Det karibiske havet og hadde spanske skatteskip som mål.

Etter eit særs spent forhold mellom 1727 og 1732 betra situasjonen seg mellom 1732 og 1737, då Sir Robert Walpole støtta Spania under den polske arvefølgjekrigen. Årsaka til problema var framleis til stades og då motstanden mot Walpole voks, så gjorde samstundes dei antispanske kjenslene hos britane det same.

Hendinga der den britiske briggen «Rebecca» vart borda av den spanske guarda-costa «Ia Isabela» og den spanske kommandanten Julio León Fandiño kutta av øyra til Robert Jenkins, hadde skjedd sju år tidlegare, i 1731, utan at det skapte noko særleg rabalder på den tida. I 1738 fekk derimot Jenkins høve til å fortelje soga si på nytt i dramatiske detaljar føre Underhuset og synte fram det som visstnok var det avskorne øyra. Hendinga vart rekna som eit hån mot heile nasjonen og ei klår krigserklæring. Walpole gav etter for presset og sendte troppar til Vestindia og ein skvadron til Gibraltar under admiral Haddock, som førte til at spanjolane reagerte raskt. Spania bad om økonomiske kompensasjonar, som førte til at britane annullerte dei spanske kontrollrettane frå Sevilla-traktaten i 1729. Som følgje av dette annullerte kong Filip V av Spania Asiento-rettane til britane og alle britiske skip i spanske hamner vart konfiskert. Den 14. august kalla Storbritannia ambassadøren sin tilbake frå Spania og erklærte krig den 19. oktober 1739. Trass i Pacte de Famille heldt Frankrike seg nøytrale.

Krigen[endre | endre wikiteksten]

Erobringa av Porto Bello[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Slaget ved Porto Bello.

Ein av dei første hendingane var den britiske erobringa av ein liten sølvgruveby på kysten av Panama (då ein del av Ny-Granada) kalla Puerto Bello den 22. november 1739. Dette var eit forsøk på å øydelegge for økonomien til Spania. Den dårleg forsvarte hamna vart angripe av seks linjeskip under admiral Edward Vernon. Slaget førte til at spanjolane måtte endra måten dei handla på. I staden for å handle med sentraliserte hamnebyar med eit fåtal store flåtar, starta dei å nytte mange mindre konvoiar som handla med mange fleire hamnebyar. Dei byrja òg å reise rundt Kapp Horn for å gjere handel med vestkysten. Økonomien til Puerto Bello vart så hardt råka at han ikkje kom seg att før Panamakanalen vart bygt.

I Storbritannia vart sigeren hylla og i 1740 under ein æresmiddag for Vernon i London, vart songen «God Save the King», i dag den britiske nasjonalsongen, framført offentleg for første gong. Portobello Road i London er kalla opp etter sigeren og slaget er ein av dei mest prislønte hendingane på 1700-talet. Erobringa av ei hamn i spansk Amerika vart stort sett rekna som på førehand gjeve, trass i at britane trekte seg tilbake etter berre tre veker.

Suksessen med Porto Bello førte til at britane i 1740 sendte ein skvadron under kommandør George Anson for å angripe spanske område i Stillehavet, særleg på Filippinane, men desse operasjonane var stort sett mislukka.

Slaget ved Cartagena[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Slaget ved Cartagena de Indias.

Den store hendinga i krigen om øyra til Jenkins var eit stort amfibisk åtak mot Cartagena de Indias frå britane under admiral Edward Vernon i mars 1741. Dette var ein av dei viktigaste spanske hamnebyane for gullhandel i Ny-Granada (i dag Colombia). Operasjonen til Vernon vart hindra av ineffektiv organisering, rivalisering med kommandanten for landstyrkane og forsyningsproblema ved å drive ein operasjon på andre sida av Atlanteren. Den sterke festninga i Cartagena og den gode strategien til den spanske kommandanten Blas de Lezo var avgjerande for å slå tilbake åtaket med store tap for britane. I tillegg til det uvande tropiske klimaet bukka mange av mennene til Vernon under for hissige tropiske sjukdomar, hovudsakleg gul feber.

San Felipe de Barajas Fortress (Cartagena). Denne (då uferdige) festninga spelte ei viktig rolle i kampen om oppretthalde skipsruta til Spania over Atlanteren.

Andre operasjonar[endre | endre wikiteksten]

Fleire andre britiske åtak fann stad i Karibien utan at det fekk dei store følgjene for den geopolitiske situasjonen i Atlanteren. Dei svekka britiske styrkane utførte liknande åtak mot St. Augustine i Florida; HavanaCuba og Panama; alle vart drivne tilbake. Eit spansk motåtak i 1742 mot den britiske kolonien Georgia ved Bloody Marsh og Gully Hole Creek vart òg drive tilbake av britane.

Sjørøveri[endre | endre wikiteksten]

Krigen var òg kjenneteikna av sjørøveri på storskala George Anson fanga tilfeldig ein verdifull Manila-gallon og gjorde opp for dei mange hundre britiske skipa som spanske sjørøvarar tok i Atlanteren. Dei spanske sjørøvarane var òg aktive i europeiske farvatn. Samstundes var den spanske skatteflåten nærast ustoppeleg. Under den austerrikske fasen av krigen let britane frustrasjonen sin til sjøs gå ut over dårleg verna franske handelsskip.

Krigen døydde til slutt ut på grunn av mangel på troppar sidan dei britiske troppane i Europa var opptekne i krigen på kontinentet her. Mange hadde bukka under for sjukdom og ingen av sidene hadde vunne til seg nye landområde.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om det halvhjarta spanske forsøket på å snu eit vellukka forsvar til ein vellukka offensiv vart mislukka, var den spanske sigeren ved Cartagena de Indias avgjerande for å oppretthalde skipsruta over Atlanteren og dermed avgjerande for heile imperiet. Hadde britane klart å gjennomføre planen sin kunne heile det spanske imperiet i Amerika ha stått for fall. Den diplomatiske løysinga var ein del av oppgjeret etter den austerrikske arvefølgjekrigen med Aix-la-Chapelle-traktaten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «War of Jenkins' Ear» frå Wikipedia på engelsk, den 29. desember 2008.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
      • Tobías Smollet, Authentic papers related to the expedition against Carthagena, av Jorge Orlando Melo i Reportaje de la historia de Colombia, Bogotá: Planeta, 1989.
      • The American People - sjette utgåve av Gary B. Nash og Julie Roy Jeffrey
      • Victoria, Pablo (2005) El día que España derrotó a Inglaterra : de cómo Blas de Lezo, tuerto, manco y cojo, venció en Cartagena de Indias a la otra "Armada Invencible" Áltera, Barcelona, Spania, ISBN 84-89779-68-6
      • Quintero Saravia, Gonzalo M. (2002) Don Blas de Lezo: defensor de Cartagena de Indias Editorial Planeta Colombiana, Bogotá, Colombia, ISBN 958-42-0326-6, på spansk

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Krigen om øyra til Jenkins