August Christian Baumann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

August Christian Baumann (25. mai 17703. november 1831) var ein tysk-norsk mineralog, verksstyrar og stortingsmann.

Baumann var fødd i Bodenteich i Lüneburg i Tyskland. Han utdanna seg til farmasøyt og slo seg i ung alder ned i Kristiania, tok til som provisor ved Elefantapoteket. Etter råd frå Bernt Anker studerte han frå kring 1797 mineralogi, fyrst på Kongsberg, deretter i Falun og var så på rundreise til større tyske bergverk. Ved tilbakekomst til Noreg vart han styrar av bergverk som høyrde til under det Ankerske fideikommiss, med Hakadal Verk som det viktigaste. År 1812 vart han bergmeister i austre sønnafjelske distrikt. Frå 1816 var han ein av leiarane i Kongsberg Sølvverk, verksdirektør frå 1824.

Baumann var opphavleg suppleant (varamann) til Stortinget 1821, men møtte då representanten Kofoed hadde sjukdomsforfall. Han var medlem av sju komitear, mellom anna om bergverkslova, om brannforsikring og om skjønns- og takstmenn.

Han døydde på Kongsberg i 1831.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914