Lüneburg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lüneburg
Skillshare, Alter Hafen Lüneburg.jpg
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Lüneburg
Lüneburg is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Niedersachsen
Ingen
Lüneburg
Først nemnd i 957
Geografi
Flatevidd
 - By

70,34 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik
 - Storbyområde

72 057
  1 024/km²
102 660
Koordinatar 53°15′0″N 10°24′0″EKoordinatar: 53°15′0″N 10°24′0″E
Høgd over havet 17 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 21335-21339
Telefon-retningsnummer 04131
Bilnummer LG
Heimeside: www.lueneburg.de

Lüneburg er ein by i Tyskland i delstaten Niedersachsen med om lag 70 000 innbyggjarar. Byen ligg om lag 50 km søraust for Hamburg og er administrasjonsstad i landkreisen med same namn. Byen dannar eit storbyområdet i lag med dei omliggande kommunane Adendorf, Bardowick og Reppenstedt med litt over 100 000 innbyggjarar.

Elva Ilmenau, ei av sideelvane til Elbe, renn gjennom Lüneburg.

Den nazistiske krigsforbrytaren Heinrich Himmler tok sitt eige liv i Lüneburg etter at han vart fanga av den britiske hæren. Han svelde ein pille med kaliumcyanid før avhøyret av han byrja.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen har sitt opphav i antikken og kan vere byen Leufana eller Leuphana (gresk: Λευφάνα) som vart nemnd av Klaudios Ptolemaios (2.10) som ein by nord i Tyskland vest for Elbe. Alle er derimot ikkje einige om dette.

I mellomalderen vart byen svært rik som følgje av handel med salt. Det var fleire saltverk rundt byen, og saltet vart eksportert til dei omliggande lena. Langs den gamle saltruta vart det transport via Lauenburg til Lübeck og frå her vidare til alle kystområda i Austersjøen. Lüneburg var lenge ein av hovudstadane til hertugane av Braunschweig-Lüneburg, og byen og saltet her frå var ein av dei største medverkande faktorane til at Hansaen vart rik og mektig.

Lüneburg vart først nemnd i 956. Etter ei lang oppgangstid vart han mindre viktig etter 1600. Saltgruvene vart stengd i 1980, og enda ein tusen år lang tradisjon med saltutvinning. I 1989 vart det oppretta eit universitet i byen. Det avskoga området som følgje av saltproduksjonen danna det unike landskapet kalla Lüneburger Heide (Lüneburgheiane eller vidda).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]