Austen Chamberlain

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Austen Chamberlain.

Sir Joseph Austen Chamberlain (16. oktober 186317. mars 1937) var ein britisk politikar og vinnar av Nobels fredspris i 1925.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Austen Chamberlain vart fødd i Birmingham som eldste son til statsmannen Joseph Chamberlain. Han hadde ei eldre syster, men mora døydde i barselseng med Austen. Faren gifte seg opp att fem år seinare, men hadde eit distansert forhold til eldstesonen i lang tid etter dødsfallet. Austen Chamberlain voks opp med fleire halvsysken, m.a. Neville Chamberlain.

Etter college vart Austen sendt til Paris der han studerte politikk, før han reiste vidare for å studera ved unversitetet i Berlin. På desse studiereisene fekk han møta fleire store namn i europeisk politikk, m.a. Otto von Bismarck. Han vendte tilbake til Storbritannia i 1888.

Allereie i 1892 vart Chamberlain valt inn som parlamentsmedlem for partiet til faren, Liberal Unionist Party. Då partiet vann valet i 1895 vart han Chamberlain regjeringsmedlem, og vart sitjande fram til 1906, då dei liberale vann valet. Frå 1915 - 1917 var han minister for Britisk India. I 1919 vart han utnemnd til finansminister i koalisjonsregjeringa til Lloyd George og sat til 1921. I denne tida deltok han m.a. i forhandlingane i Den anglo-irske traktaten. I 1924 vart han på nytt statsråd, denne gongen utanriksminister i regjeringa Baldwin fram til 1929. Som utanriksminister freista han å byggja bru mellom Frankrike og Tyskland.

Chamberlain var ein av drivkreftene bak Locarnoavtalen frå 1925. Denne avtalen sikra fred mellom sju europeiske land, og var svært viktig for europeisk samarbeid etter fyrste verdskrigen. Austen Chamberlain vann Nobels fredspris for avtalen i 1925 saman med Charles Gates Dawes, og prisutdelinga for 1926 var også i tilknytning til denne fredsavtalen.

Dei siste åra sine var Austen Chamberlain sterkt oppteken av å åtvara mot eit nasjonalistisk Tyskland. Locarnoavtalen vart diverre også broten utan varsel av nettopp Nazi-Tyskland i 1936. Austen Chamberlain døydde i 1937, 73 år gamal. Ti veker seinare vart halvbroren Neville Chamberlain britisk statsminister.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]