Den anglo-irske traktaten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Side frå eit utkast til traktaten.

Den anglo-irske traktaten (engelsk Anglo-Irish Treaty, offisielt Articles of Agreement for a Treaty Between Great Britain and Ireland) var ein traktat mellom regjeringa i Storbritannia og den provisoriske regjeringa i Den irske republikken. Med traktaten enda Den irske sjølvstendekrigen, og Den irske fristaten vart oppretta som ein del av Det britiske imperiet. Under Government of Ireland Act 1920 kunne Nord-Irland velja å stå utanfor Fristaten og framleis vera ein del av Det sameinte kongeriket Storbritannia, noko provinsen valde å gjere.

Traktaten vart underskriven den 6. desember 1921 i London av representantar for den britiske regjeringa og utsendingar frå den provisoriske irske regjeringa. Han vart så ratifisert i tre parlament: Dáil Éireann i Den irske republikken, Underhuset i Sør-Irland (som berre var samla denne eine gongen) og Det britiske parlamentet. I Irland var det delte meiningar om traktaten, og han vart vedteken med knapt fleirtal i Dáil. Denne splittinga førde til utbrotet av Den irske borgarkrigen, der sida som var for traktaten til slutt sigra.

Den irske fristaten vart formelt oppretta 6. desember 1922 ved kongeleg proklamasjon, etter at grunnlova til staten var blitt vedteken av den tredje Dáilen og Det britiske parlamentet.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Blant dei viktigaste klausulane i traktaten var:

  • Britiske styrkar skulle trekkjast ut av det meste av Irland.
  • Det meste av Irland skulle bli ein sjølvstyrt dominion i Det britiske imperiet, med same status som Canada, Newfoundland, Australia, New Zealand og Den sør-afrikanske unionen.
  • Den britiske monarken ville vere statsoverhovud, representert av ein generalguvernør.
  • Medlemmar av nasjonalforsamlinga til fristaten måtte avleggje eid til Fristaten og til «Hans Majesteten Kong Georg V og arvingane hans og etterkomarar etter loven».
  • Nord-Irland hadde høve til å velja å ikkje bli ein del av Fristaten i løpet av ein månad etter at traktaten blei sett i kraft.
  • Om Nord-Irland dkulle bli ein del av Det sameinte kongeriket skulle ein grensekommisjon nedsetjast for å foreslå revidering av grensa.
  • Storbritannia skulle av omsyn til tryggleiken til nasjonen kontrollere ei avgrensa mengd hamner, kjend som traktathamnane slik at Den britiske marinen kunne bruke dei.
  • Fristaten skulle vera ansvarleg for delen sin av gjelda til imperiet.
  • Traktaten skulle ha overordna status i irsk lov. Dersom det oppstod konflikt mellom traktaten og Grunnlova til den irske fristaten av 1922 skulle traktaten ha forrang.

Forhandlarane[endre | endre wikiteksten]

Signatursida av traktaten.

Dei som deltok i sluttforhandlingene var:

Andre forhandlarar deltok på tidlegare tidspunkt i prosessen.

Robert Erskine Childers, tidlegare sekretær i Underhuset i Storbritannia, var ein av sekretærane for den irske delegasjonen. Tom Jones, var ein av Lloyd Georges fremste assistentane, og skildra seinare forhandlingane i boka Whitehall Diary.

Presidenten til den irske republikken Eamon de Valera deltok ikkje i forhandlingane. Han markerte seg seinar som motstandar av traktaten.

Winston Churchill hadde ein dobbeltrolle i prosessen. Som krigminister vona han i 1921 å få slutt på sjølvstendekrigen, og i 1922 fekk han som koloniminister ansvar for å implementere traktaten.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Den anglo-irske traktaten

Kjelder[endre | endre wikiteksten]