Bård Ludvig Thorheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bård Ludvig Thorheim

Fødd15. oktober 1976 (47 år)
Bodø
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, diplomat, forskar
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
Alle verv

Bård Ludvig Thorheim (fødd 15. oktober 1976) er ein norsk byråkrat og politikar frå Bodø. Han representerer Nordland fylke og partiet HøgreStortinget sidan 2021.

Thorheim er utdanna i statsvitskap ved Universitetet i Oslo, og utdanna etterretningsoffiser ved Forsvarets skole i etterretnings- og sikkerhetstjeneste. Thorheim har vore tilsett i Forsvaret, Etterretningstenesta og utanrikstenesta. Frå 2005 arbeidde han etter tur ved ambassadane i Colombo og i Washington D.C. I 2015 fekk han stillinga som leiar av Utanriksdepartementet sitt operative senter og kriseberedskap for konsulære kriser. Elles i departementet har han særleg styrt med nordområdepolitikk, tryggjingspolitikk, Russland, Balkan og Midtausten.

Frå 2016 til 2019 var Thorheim politisk rådgjevar for utanriksminister Børge Brende og etterfylgjaren Ine Eriksen Søreide. Han har elles jobba ved eit senter under Nord-universitetet i Bodø. Ved stortingsvalet 2021 var Thorheim Høgre sin fyrstekandidat i Nordland, vald inn på Tinget med god margin. Han er medlem i Energi- og miljøkomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]