Børge Brende
Børge Brende (fødd 25. september 1965) er ein norsk høgrepolitikar fødd i Odda.
Innhaldsliste |
[endre] Bakgrunn
Børge Brende er utdanna Cand. mag. med mellomfag i historie. Frå 1990 til 1992 var han tilsett som økonomisjef i Brende-entreprenør AS.
[endre] Politikk
Frå 1988 til 1990 var Børge Brende leiar for Unge Høgre. Frå 1991 til 1997 var Brende medlem av formannskapet og kommunalrådet i Trondheim. Han var vararepresentant på Stortinget i periodane 1989–1993 og 1993–1997, og blei vald inn som stortingsrepresentant frå Sør-Trøndelag i 1997, 2001 og 2005.
Brende var med i regjeringa Bondevik II, først som miljøvernminister (2001–2004) og deretter som nærings- og handelsminister (2004–2005).
Brende var nestleiar i Europabevegelsen (1991–1992) og var leiar av SN-kommisjonen for bærekraftig utvikling (2003–2004).
[endre] Regjering
- 19. oktober 2001 – 18. juni 2004 Statsråd Miljøverndepartementet
- 18. juni 2004 – 17. oktober 2005 Statsråd Nærings- og handelsdepartementet
[endre] Stortingskomitéar
- 1997–2001 medlem i Finanskomitéen
- 2005–2009 første nestleiar i Energi- og miljøkomiteen
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Utmerkingar
Børge Brende er utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden.
| Føregjengar Ansgar Gabrielsen |
Nærings- og handelsminister 2004–2005 |
Etterfylgjar Odd Eriksen |
| Føregjengar Siri Bjerke |
Miljøvernsminister 2001–2004 |
Etterfylgjar Knut Arild Hareide |
| Norske miljøvernministrar | |
|---|---|
| Olav Gjærevoll (1972) · Trygve Haugeland (1972-73) · Helga Gitmark (1973) · Tor Halvorsen (1973-74) · Gro Harlem Brundtland (1974-79) · Rolf Hansen (1979-81) · Wenche Frogn Sellæg (1981-83) · Rakel Surlien (1983-86) · Sissel Rønbeck (1986-89) · Kristin Hille Valla (1989-90) · Thorbjørn Berntsen (1990-97) · Guro Fjellanger (1997-2000) · Siri Bjerke (2000-01) · Børge Brende (2001-04) · Knut Arild Hareide (2004-05) · Helen Bjørnøy (2005-07) · Erik Solheim (2007-2012) · Bård Vegar Solhjell (2012- ) |