Béziers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Béziers
Domkyrkja St. Nazaire og Pont Vieux i Béziers
Domkyrkja St. Nazaire og Pont Vieux i Béziers
Byvåpenet til Béziers
Byvåpenet til Béziers
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Languedoc-Roussillon
Hérault
Geografi
Flatevidd
 - By

95,48 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

69 153
  724,2/km²
Koordinatar 43°20′″N 03°12′″EKoordinatar: 43°20′″N 03°12′″E
Høgd over havet 17 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 34500
Heimeside: www.ville-beziers.fr

Béziers (Besièrsoksitansk og Besierskatalansk) er ein by i Languedoc sørvest i Frankrike. Han er ein kommune og sous-préfecture i departementet Hérault, og har om lag 70 000 innbyggjarar, som vert kalla biterrois.

Hovudnæringa i Béziers er dyrking av vindruer og vinproduksjon.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Byen ligg i ein liten skrent over elva Orb, om lag 10 km frå Middelhavet. Ved Béziers går kanalen Canal du Midi over Orb som ein akvedukt kalla pont-canal («kanalbrua»).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Staden har vore busett sidan steinalderen, og romarane grunnla ein by her på vegen mellom Spania og Italia. Dei grunnla byen på ny i 35-36 fvt. som ein koloni for krigsveteranar, og kalla han Colonia Julia Baeterrae Septimanorum. Steinar frå det romerske amfiteateret vart nytta til å byggje bymuren på 200-talet.

Frå 900- til 1100-talet var Béziers senter for Grevskapet Béziers.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Béziers