Børstefuglar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Børstefuglar


Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Dasyornithidae
Slekt: Dasyornis
Artar
Vitskapleg namn
Dasyornis

Børstefuglar er tre artar av sporvefuglar i éi biologisk slekt, Dasyornis. Slekta er endemisk til Australia. [1] Dasyornis er no plassert i sin eigen familie Dasyornithidae.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Børstefuglar er langhala, stillesittande, bakkelevande fuglar. Dei varierer i lengd frå ca. 17 cm til 27 cm, med austbørstefugl som den minste, og sørbørstefugl som den største arten. Fargene i oversida av fjørdrakta er hovudsakleg gråleg med ulike nyansar av brunt, alt frå olivenfarge gjennom kastanje og raudbrun. Lysare strupe og undersida er markert med bleike markeringar.[2] Populærversjonen av familienamnet kjem av dei framtredande fjørbustene rundt nebbet.[3]

Artar med utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Generelt er leveområdet for børstefuglar avgrensa, og ofte usamanhengande område langs kysten av sørvestlege og søraustlege Australia der det er eit middelhavsklima og eigna habitat i kystnære krattskog, lyngheier og tett undervegetasjon i skog.[3]

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Børstefuglar er generelt atterhaldne, dagaktive fuglar som skjuler seg i tett vegetasjon.[1] Fortrinnsvis vil dei springe for å unngå fare, men er òg i stand til å flyge korte avstandar. Dei opptrer vanlegvis i par, men den sosiale strukturen har ikkje undersøkt nøye. Dei er oftare høyrt enn sett, sjølv om det vanlegvis berre er hannen som syng. Songen er høglydt, melodiøs , ein trur songen har natur av å markere territorium. Hannen sit ofte på ein stokk eller busk slik at songen ber over større avstandar.

Mesteparten av maten er plukkar dei på bakken. Fuglar beitar i par, gjere med korte kallerop til å halde kontakten, og stadig flikring med halen medan dei flyttar seg. Den største delen av dietten består av insekt og frø. Edderkoppar og ormar blir òg tatt, og fuglar har vorte observert i å drikke nektar.

Hekkeåtferda åt børstefuglar er dårleg kjent. Ein trur dei stort sett er monogame og forsvarar eit territorium mot andre av same art. Hoa byggjer reiret i låg vegetasjon. Reiret er oval- og kuppelforma med ein sideinngang. Ho legg to egg. Såg langt det er kjent er det berre hoa som rugar, rugetida er mellom 16-21 dagar. Ungar treng 18-21 dagar til å bli sjølvstendige.

Bestandsstatus[endre | endre wikiteksten]

Børstefuglar er sårbare for tap av habitat. Bortsett frå den austlege underarten av sørbørstefugl, som enno er moderat vanleg innanfor dei avgrensa områda sine, har populasjonane gått ned og vorte fragmenterte, og fuglane har vorte sjeldne. Den vestlege underarten av sørbørstefugl er truleg utdøydd.[3][2][5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D., ed (2007). Picathartes to tits and chickadees. Handbook of the Birds of the World. Band 12. Barcelona: Lynx edicions. ISBN 978-84-96553-42-2. 
  2. 2,0 2,1 Pizzey, Graham; & Knight, Frank. (2003). The Field Guide to the Birds of Australia. HarperCollins. 7th edn. ISBN 0-207-19821-7
  3. 3,0 3,1 3,2 Higgins, P.J.; & Peter, J.M. (eds). (2003). Handbook of Australian, New Zealand and Antarctic Birds. Volume 6: Pardalotes to Shrike-thrushes. Oxford University Press: Melbourne. ISBN 0-19-553762-9
  4. Schodde, R.; & Mason, I.J. (1999). The Directory of Australian Birds: Passerines. CSIRO Publishing: Melbourne. ISBN 0-643-06456-7
  5. Morcombe, Michael. (2000). Field Guide to Australian Birds. Steve Parish: Queensland. ISBN 1-876282-10-X

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]