B.J. Cole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
B. J. Cole
B.J. Cole.jpg
Verkeleg namn Brian John Cole
Alias B. J.
Fødd 17. juni 1946 (68 år), Enfield, Middlesex
Instrument Pedalsteelgitar
Sjanger Jazz
Tilknytte artistar Cochise
Luke Vibert

Brian John Cole (fødd 17. juni 1946) er ein engelsk pedalsteelgitarist. Han vart kjend tidleg i 1970-åra med bandet Cochise, og har spelt innan mange stilartar frå pop og rock til jazz og eksperimentell musikk.[1]

Han spelte sida med Marc Bolan / T.Rex på albumet Zinc Alloy and the Hidden Riders of Tomorrow i 1974, samt med Elton John på albuma Tumbleweed Connection og Madman Across The Water, mellom anna på songane «Country Comfort» og «Tiny Dancer». Han har òg spelt i lag med R.E.M., Cat Stevens, Kevin Ayers, Billy Connolly, Richard Ashcroft, The Verve, Luke Vibert, Graham Coxon, Roger Waters, Juno Reactor, Rockin Dave Taylor, Depeche Mode, Doll by Doll, Devon Sproule, Björk, Chumbawamba, David Gilmour, Hanson, Ian Siegal, Jah Wobble, The Stranglers, Sting, Icebreaker og Brian Joseph Friel. Han spelar på David Gilmour-albumet On An Island frå 2006 og på The Moody Blues-albumet Long Distance Voyager frå 1981.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med Cochise

  • Cochise (United Artists Uas 29177) 1970
  • Swallow Tales (Liberty Lbg 83428) 1971
  • So Far (United Artists Uas 29286) 1972

Solo

  • The New Hovering Dog (1972)
  • Transparent Music (1989)
  • Heart Of The Moment (1995)
  • Trouble In Paradise (2004)

Med Luke Vibert

Med Pete Molinari

  • A Virtual Landslide (2008)

Anna utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Loftus, Johnny. «B.J. Cole Biography». Allmusic. http://www.allmusic.com/artist/p65510/biography. Henta 26. mai 2012. 
  2. Mohan, John (2010), «Rock-n-Roll on the Hard Shoulder», i Flamm, Christian; Sperlinger, Mike, Foxtrot Echo Lima Tango, London: Johnston & Vock, s. 14–18 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]