David Gilmour

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
David Gilmour
David Gilmour - live 8 - edited.jpg
Verkeleg namn David Jon Gilmour
Alias Dave Gilmour
Fødd 6. mars 1946, Cambridge i England
Instrument Gitar
Sjanger Progressiv rock, bluesrock
Aktive år 1963 til i dag
Yrke Musikar, plateprodusent
Tilknytt artistar Pink Floyd
Plateselskap Capitol Records, Columbia Records, Sony Records, EMI
Nettside Offisiell heimeside

David Jon Gilmour (fødd 6. mars 1946) er ein britisk gitarist, vokalist og låtskrivar som er mest kjend som medlem av bandet Pink Floyd. I tillegg har han arbeidd som plateprodusent for ei rekkje artistar. Gilmour har vore aktiv i mange velgjerande organisasjonar og vart i 2003 tildelt Commander of the British Empire for arbeidet sitt.

Dei første leveåra[endre | endre wikiteksten]

Gilmour vart fødd og voks opp i det velståande Grantchester Meadows-området i Cambridge i England. Far hans, Douglas Gilmour var seniorlektor i zoologi ved Cambridge University og mor hans, Sylvia, var lærar.

Gilmour gjekk på The Perse School i Hills Road, Cambdrige, og møtte Syd Barrett som gjekk ved Hills Road Sixth Form College i same gate. Her studerte han språk, og i lunsjpausane spelte han gitar i lag med Barrett. Dei spela derimot ikkje i band i lag, og i 1963 starta Gilmour bandet Joker's Wild. Gilmour forlet bandet i 1966 og reiste rundt i Spania og Frankrike som gatesongar i lag med nokre vener. Dei hadde derimot lite suksess og levde frå hand til munn, og Gilmour hamna til slutt på sjukehus på grunn av feilernæring. I 1967 returnerte dei til England i ein van med bensin stolen frå ein byggjeplass i Frankrike.

Pink Floyd[endre | endre wikiteksten]

Gilmour fekk tilbodet om å byrje i Pink Floyd seint i 1967, og Pink Floyd var ei kort tid eit femmannsband. Han brukte å utfylle Barrett sine gitardelar då frontfiguren var altfor ustabil til å delta på konsertane. Då Syd Barrett forlet bandet (bandet valde å ikkje hente han til ein konsert på grunn av det auka LSD-forbruket hans), tok Gilmour over rolla som gitarist i bandet i tillegg til å medverke som låtskrivar. På 1970-talet spela han og Waters ei stor rolle i suksessen bandet fekk. Etter suksessen til albuma The Dark Side of the Moon og Wish You Were Here, tok Waters meir og meir kontroll over bandet, og skreiv mesteparten av musikken til albuma Animals og The Wall aleine. Richard Wright fekk sparken under innspelinga av The Wall, og forholdet mellom Gilmour og Waters vart dårlegare under produksjonen av filmutgåva av The Wall og albumet The Final Cut frå 1983.

I 1985 erklærte Waters at Pink Floyd var oppløyst, men Gilmour og trommis Nick Mason gav i 1986 ut ei pressemelding som sa at Waters hadde gått frå bandet og at dei ville halde fram utan han. Gilmour fekk full kontroll over bandet og laga A Momentary Lapse of Reason i 1987 med enkelte medverknadar av Mason. Wright vart igjen med i bandet på den omfattande turnéen som følgde albumet, og var med å lage albumet The Division Bell i 1994.

I 1986 kjøpte Gilmour ein husbåt og omforma det til platestudioet Astoria. Dei to siste Pink Floyd-platene, og Gilmour sitt soloalbum On An Island frå 2006, vart spelt inn der.

2. juli 2005 vart Gilmour og Waters gjenforent i Pink Floyd for Live 8-konserten i London. Som følgje av konserten auka salet på Pink Floyd sine album, og Gilmour lova å gje overskotet til veldedige organisasjonar som omhandlar måla til Live 8. Konserten starta mange rykter om vidare gjenforening av bandet, men både Waters og Gilmour nekta for dette. Gilmour sa at ved å delta på Live 8, sørgde dei for at historia om Pink Floyd enda godt.

I desember 2006 gav Gilmour ut ein versjon av Pink Floyd sin første singel, «Arnold Layne», som ein hyllest til Syd Barrett, som døydde hausten 2006. Songen er spela inn på ein konsert i Royal Albert Hall i London, og har med Richard Wright på tangentar og David Bowie på vokal.

Andre prosjekt[endre | endre wikiteksten]

Under dei rolegare periodane til Pink Floyd jobba David Gilmour mykje med andre artistar både som produsent og lydteknikar. Nokre av artistane han har jobba med er Syd Barrett, Kate Bush, Grace Jones, Tom Jones, Elton John, B.B. King, Paul McCartney, John Lennon, Sam Brown, Jools Holland, Bob Dylan, Pete Townshend, The Who, Supertramp, Levon Helm, Robbie Robertson, Alan Parsons, i tillegg til mange veldedige «supergrupper».

Han spela òg inn to soloalbum som begge gjekk inn på Topp 40 i USA. Det første kom i 1978, kalla David Gilmour og det andre var About Face i 1984.

I 2001 og 2002 haldt Gilmour fleire små og akustiske konsertar i London og Paris i lag med eit lite band og eit kor. Ein av desse konsertane vart gjeve ut som In Concert.

Det tredje soloalbumet hans On An Island, vart gjeve ut 6. mars 2006, på 60-årsdagen hans. Albumet er produsert av Gilmour i lag med Phil Manzanera og Chris Thomas med orkesterinstrumentering av den polske komponisten Zbigniew Preisner. Medverkande på albumet var David Crosby og Graham Nash på harmonivokal, Robert Wyattkornett og perkusjon, og Richard Wrighthammondorgel og vokal. Andre medverkande var Jools Holland, Phil Manzanera, Georgie Fame, Robert Wyatt, Andy Newmark, B. J. Cole, Chris Stainton, Willie Wilson, Rado ‘Bob’ Klose på gitar og Leszek Możdżer på piano. Dette var òg første gong Gilmour spela saksofon på plate. Albumet debuterte på førsteplass på den britisk albumlista, og gjekk inn på Topp 10 i USA.

Etter plata kom ut turnérte Gilmour i Europa, USA og Canada våren og sommaren 2006. Både Richard Wright, Dick Parry, Guy Pratt og Jon Carin var med han på turnéen.

Musikkstil[endre | endre wikiteksten]

Gilmour er kjend for svært presise soloar med røter i blues. Soloane hans er kjende for å vere velkomponerte, sparsommelege, lyriske og emosjonelle. Gilmour har forklart at det han mangla på teknikk og fart måtte han ta igjen på melodi. I tillegg har han eksperimentert mykje og laga nye effektar ved hjelp av forsterkarar. Gitaren som er mest knytt til Gilmour er Fender Stratocaster, men Gilmour sitt lydbilete kjem meir som eit resultat av val av tonar og spelestilen hans enn av utstyr. Ein av hans mest vidkjente soloar («Another Brick in the Wall Part II») vart til dømes spelt på ein Gibson Les Paul.

Sjølv om han er mest kjend som gitarist, spelar Gilmour òg bass (som han gjorde på mange Pink Floyd-songar), trommer, tangentinstrument og i det siste òg saksofon. Faktisk då Pink Floyd måtte spele inn «Money» på ny for samlealbumet A Collection of Great Dance Songs vart dette gjort av Gilmour aleine på alle instrumenta (bortsett frå saksofon).

Familie[endre | endre wikiteksten]

Gilmour har fire barn frå sitt første ekteskap med Ginger Gilmour, Alice (f.1976), Clare (f.1980), Sara (f.1982) og Matthew (f.1985). Han har òg fire barn frå sitt andre ekteskap med Polly Samson, ein adoptert (Charlie), og tre biologiske, Joe, Gabriel og Romany.

Anna[endre | endre wikiteksten]

Gilmour har erfaring som flypilot, og samla inn mange historiske fly gjennom selskapet sitt Intrepid Aviation, som han selde i 2002.

Musikkutstyr[endre | endre wikiteksten]

Gilmour har brukt ei rekkje gitarar og gitarutstyr på sine soloplater og Pink Floyd-plater i tillegg til turnéane.

Gitarar[endre | endre wikiteksten]

Forsterkarar[endre | endre wikiteksten]

  • Hiwatt DR 103 i eit WEM 4x12-kabinett med Fane Crescendo-høgtalarar
  • Fender ‘56 Tweed Twin amp
  • Mesa Boogie Mark II C+
  • Alembic F2-B bass preamp
  • Spesialbygd 'Doppola' med roterande høgtalarar

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

For arbeidet hans med Pink Floyd sjå Pink Floyd-diskografi frå 1968 til 1995

Album[endre | endre wikiteksten]

25. mai, 1978 David Gilmour
27. mars, 1984 About Face
6. mars, 2006 On an Island
2008 Live in Gdańsk

Filmar[endre | endre wikiteksten]

September, 1984 David Gilmour Live 1984
Oktober, 2002 David Gilmour in Concert
2007 David Gilmour Live at the Albert Hall
2008 Live in Gdańsk

Samarbeid med og arbeid for andre artistar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Pink Floyd
Syd Barrett | David Gilmour | Nick Mason | Roger Waters | Richard Wright
Diskografi
Studioalbum: The Piper at the Gates of Dawn (1967) | A Saucerful of Secrets (1968) | Ummagumma (1969) | Atom Heart Mother (1970) | Meddle (1971) | The Dark Side of the Moon (1973) | Wish You Were Here (1975) | Animals (1977) | The Wall (1979) | The Final Cut (1983) | A Momentary Lapse of Reason (1987) | The Division Bell (1994)
Filmmusikk: Tonite Let’s All Make Love in London (1968) | More (1969) | Zabriskie Point (1970) | Obscured by Clouds (1972)
Konsertalbum: Ummagumma (1969) | Delicate Sound of Thunder (1988) | P*U*L*S*E (1995) | Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81 (2000)
Samlealbum: Relics (1971) | A Nice Pair (1973) | Masters of Rock (1974) | A Collection of Great Dance Songs (1981) | Works (1983) | Shine On (The Early Singles) (1992) 1967 Singles Sampler (1997) | Echoes (2001)
Filmar
Live at Pompeii | The Wall | Delicate Sound of Thunder | La Carrera Panamericana | London ’66-’67 | P*U*L*S*E
Tilknytta artikklar
Bob Klose | Alan Parsons | Dick Parry | Storm Thorgerson/Hipgnosis | Steve O’Rourke | Konsertar | Publius Enigma | The Man and the Journey