Roger Waters

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Roger Waters

Fødd6. september 1943 (80 år) i Surrey i England
FødestadGreat Bookham
FødenamnGeorge Roger Waters
OpphavStorbritannia
Aktiv1964 til i dag
SjangerProgressiv rock, psykedelisk rock, opera
InstrumentVokalist, bassgitar, gitar
Stemmetypebaryton
Tilknytte artistarPink Floyd
PlateselskapCapitol
Columbia
Sony
EMI
Harvest
Verka somMusikar
MorMary D. Whyte
FarEric Fletcher Waters
Gift medJudith Trim, Carolyne Christie, Sophia Escobar
BornHarry Waters, India Waters

George Roger Waters (fødd 6. september 1943) er ein engelsk rockemusikar, songar, bassist, gitarist, låtskrivar og komponist. Han er mest kjend for karrieren sin med bandet Pink Floyd frå 1965 til 1985 der han var medlemmet som skreiv flest songar, spelte bass og var ein av fleire vokalistar. Han var òg hjernen bak fleire av bandet sine konseptalbum og mange av symbola knytte til Pink Floyd (som grisar og marsjerande hammarar)

Etter han forlet Pink Floyd byrja han på ei moderat suksessrik solokarriere og har gjeve ut tre studioalbum, og arrangert ein av dei største konsertane nokonsinne, The Wall-konserten i Berlin i 1990. I 2005 gav han ut operaen Ça Ira og vart gjenforeint med Pink Floyd for ein enkelt opptreden på Live 8-konserten i London, 2. juli 2005. Det var den første opptredenen deira i lag på 24 år.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Dei første åra (1943-1965)[endre | endre wikiteksten]

Waters vart fødd George Roger Waters i Great Bookham, Surrey nær Leatherhead og voks opp i Cambridge.

Sjølv om far hans, Eric Fletcher Waters, hadde vore kommunist og lidenskapleg pasifist, kjempa han i andre verdskrigen og døydde under kamphandlingar i Anzio i Italia i 1944, då Waters berre var fem månadar gamal. Waters refererte eller hentyda mykje til tapet av faren i songane sine, særleg på The Final Cut frå 1983 (som er dedisert til faren) og songen kalla «When the Tigers Broke Free», som først var med i filmversjonen av The Wall. Han sa derimot at mora vi møter i songen «Mother» frå The Wall ikkje var basert på si eiga mor. Mistru til autoritetar, særleg statsmakter, lærestadar og militærinstitusjonar, er eit tema som går mykje igjen i tekstane til Waters. Temaet kjem tydeleg fram i «When the Tigers Broke Free» der Waters uttrykkjer at det han kjende var ein tom og nedlatande reaksjon til faren sitt dødsfall i Anzio.

«And kind old King George sent Mother a note when he heard that Father was gone.

It was, as I recall, in a form of a scroll, with gold leaf and all.
And I found it one day in a drawer of old photographs, hidden away.

And my eyes still grow damp to remember, His Majesty signed with his own rubber stamp.»

Han og Syd Barrett gjekk på Morley Memorial Junior School i Hills Road i Cambridge, og seinare gjekk begge på Cambridge County School for Boys, medan David Gilmour, som òg spela i Pink Floyd gjekk på The Perse School i same gate.[1] Han møtte Nick Mason og Richard Wright medan han gjekk på arkitektskulen Regent Street Polytechnic. Han var ein ivrig idrettsmann og likte god å symje i River Cam ved Grantchester Meadows. 15 år gamal leia han Campaign for Nuclear Disarmament (Kampanje for nedrusting av atomvåpen) i Cambridge.

Pink Floyd-åra (1965-1985)[endre | endre wikiteksten]

I 1965 stifta han Pink Floyd i lag med Syd Barrett, Richard Wright og Nick Mason. Sjølv om Barrett i starten stod for dei fleste songane, skreiv Waters songen «Take Up Thy Stethoscope and Walk» på debutalbumet deira The Piper at the Gates of Dawn i 1967. Albumet fekk gode kritikkar og bandet fekk ein god start. Barrett si stadig verre psykiske helse førte til uregneleg åtferd, og det vart etter kvart klart at Barrett ikkje lenger kunne vere frontfigur i Pink Floyd. Waters prøvde å tvinge venen sin til psykriatisk behandling, men det hjelpte ikkje og bandet spurte David Gilmour om han ynskte å erstatte Barrett mot slutten av 1967. Sjølv bandet sine tidlegare managerar følte at Pink Floyd ikkje kunne halde fram utan talentet til Barrett, og etter at Barrett forsvann frå bandet staka dei ut ei ny kunstnerisk retning. Med Gilmour og Waters i bandet fekk Pink Floyd etter kvart stor framgang, og på 1970-talet laga dei ei rekkje album som er blant dei mestselgjande og mest kritikarroste musikkalbuma nokon sinne.

I 1970 samarbeida Waters med den britiske komponisten Ron Geesin (som var med å komponere tittelsporet frå Atom Heart Mother) på eit filmmusikkalbum kalla Music from «The Body», som hovudsakleg bestod av instrumentalar med songar av Waters innimellom. Waters vart etter kvart den som skreiv det meste av tekstane til Pink Floyd, og tok meir og meir kontroll over bandet. Han kom opp med dei tematiske ideane som vart drivkrafta for konseptalbum som The Dark Side of the Moon og Wish You Were Here, der han skreiv alle tekstane og Gilmour mykje av musikken. Waters vart etter kvart òg den som skreiv det meste av musikken på album som Animals og The Wall (sjølv om Gilmour òg medverka her og der).

Sjølv om Waters er mest kjend som bassgitarist og vokalist, spelar han òg andre instrument som gitar og synthesiser, blant anna på fleire av Pink Floyd-albuma. Han medverka òg med mange lydeffektar.

Dei andre medlemmane i Pink Floyd lét gjerne Waters skrive tekstane, medan dei kunne medverke med musikalske idear. Gilmour skildra mellom anna Waters som ein «svært god motivator og sjølvsagt ein stor tekstforfattar»,[2] sjølv då forholdet deira var på sitt dårlegaste på 1990-talet. Nokre av dei mest populære songane til Pink Floyd, inkludert «Echoes», «Time», «Us and Them», «Wish You Were Here» og «Shine on You Crazy Diamond», har tekstar som er skrive av Waters kombinert med melodi frå Gilmour, mjukt og presist trommespel av Nick Mason, og atmosfæriske lydar frå Richard Wright på tangentane. Det vart derimot etter kvart ein del ordstrid om kven som hadde skrive kva i dei vanskelege åra mot slutten av Pink Floyd-karrieren til Waters. Til dømes vart ikkje Gilmour kredittert for gitarsoloane sine i songar som «Another Brick in the Wall, Part II». Nick Mason skildrar Waters som sjølvopptatt i boka si Inside Out: A Personal History of Pink Floyd. Det var då dei spela inn The Wall at Waters sparka Wright frå bandet (etter semje med Gilmour), etter at dei personlege problema hans påverka produksjonen av albumet. Wright vart derimot med på turnéen etter albumet som ein innleigd musikar.

I 1983 vart albumet The Final Cut gjeve ut. Omslaget skildar albumet som «av Roger Waters, framført av Pink Floyd», i staden for å berre kalle det ei Pink Floyd-plate. Gilmour prøvde å få Waters til å vente med plata, slik at han kunne medverke med sine eigne songar, men Waters nekta, og i 1985 kunngjorde Waters at bandet var oppløyst på grunn av uforeinlege skilnadar. Den påfølgjande kampen mellom Waters og Gilmour om retten til å bruke namnet Pink Floyd førte til trugsel om søksmål og offentleg krangling i pressa. Waters hevda at sidan det originale bandet bestod av han sjølv, Syd Barrett, Nick Mason og Richard Wright, så kunne ikkje Gilmour bruke namnet «Pink Floyd» no som det var utan tre av dei opphavlege bandmedlemmane. Eit anna av Waters sine argument var at han hadde skrive dei fleste tekstane og ein stor del av musikken etter at Barrett for. Gilmour og Mason vann derimot retten til å bruke namnet og ein stor del av bandet sine songar. Waters fekk derimot rettane til albumet The Wall (bortsett frå dei tre songane som Gilmour var med og skreiv) og The Final Cut, i tillegg til dei vidkjente Pink Floyd-grisane.

For mange tilhengjarar er åra frå 1971 til 1975 den «klassiske» Pink Floyd-perioden, og musikkmagasinet Rolling Stone skreiv på slutten av 1987 at om ein hadde lagt i saman Waters sitt soloalbum Radio K.A.O.S. og Pink Floyd-albumet A Momentary Lapse of Reason ville ein fått ein fin oppfølgjar til The Dark Side of the Moon. I 2005 kom Waters igjen saman med Pink Floyd på Live 8-konserten i London 2. juli.

Soloåra (1985-til i dag)[endre | endre wikiteksten]

Roger Waters på Viking Stadion i Stavanger 26. juni 2006.

Waters satsa på ei solokarriere etter Pink Floyd og laga tre konseptalbum og eit filmmusikkalbum som ikkje førte til dei store salstala. Albuma har fått gode kritkkar, og er blitt samanlikna med tidlegare Pink Floyd-album.[3]

Hans første verkelege soloalbum kom i 1984, kalla The Pros and Cons of Hitch Hiking, og var eit konseptalbum om draumane til ein mann i løpet av ei natt. Musikarane Waters hadde med seg inkluderer gitaristen Eric Clapton og jazzsaksofonisten David Sanborn. Ideen til albumet kom om lag på same tida som The Wall, og resten av bandmedlemmane fekk sjansen til å velje eitt av dei, og valde dermed The Wall. Demoane til plata vart laga på same tid som The Wall, men bandet meinte det vart for personleg. Albumet fekk blanda kritikkar, og Rolling Stone skreiv at det var «merkeleg statisk og litt grusomt».[4] All Music Guide hylla derimot albumet og skreiv at det hadde «genial symbolisme og glimrande bruk av bevisstheit i ubevisstheita».[5] Waters drog på turné etter albumet.

I 1986 medverka Waters med songar til filmen When the Wind Blows akkompagnert av bandet hans «The Bleeding Hearts Band», som inkluderte tangentspelaren Paul Carrack.

I 1987 gav Waters og The Bleeding Hearts Band ut eit nytt konseptalbum med namn Radio K.A.O.S., som handla om mannen Billy som kan høyre radiobølgjer i hovudet sitt. Waters drog på turné med albumet i 1987, og hadde med seg eit lydsystem med eit stort tal høgtalarar som laga ein kringlydeffekt. Albumet selde derimot ikkje noko særleg, og ei av årsakene til dette kan ha vore at han no konkurrerte med Pink Floyd, som òg turnerte etter deira siste album A Momentary Lapse of Reason, som kom same året. På den tida skal Waters ha sagt at han konkurrerte mot seg sjølv, og tapte.

Etter Berlinmuren fall i 1989, heldt Waters ein ein gigantkonsert av The Wall i Berlin 21. juli 1990 for å feire slutten på delinga av Aust- og Vest-Tyskland. Konserten fann stad på Potsdamer Platz (ein stad som var ein del av det tidlegare «ingenmannsland» rundt Berlinmuren), hadde mange gjesteartistar og var ein av dei største konsertane nokon gong med over 300 000 i publikum, medan 5 millionar menneske såg hendinga på fjernsyn over heile verda.

I 1992 kom Amused to Death, som omhandlar TV og massemedia sin negative påverknad på samfunnet, og er kanskje Waters si mest kritikarroste soloplate, og mange samanlikna albumet med dei seinare platene til Pink Floyd, som The Wall. Albumet hadde ein hit med songen «What God Wants Pt. 1» som nådde fjerdeplass på Mainstream Rock Chart i USA. Jeff Beck spela gitar på albumet.

I 1999 drog Waters ut på ein turne kalla In the Flesh, der Waters spelte både sine eigne og Pink Floyd sine songar. Turnéen vart ein suksess, og strekte seg etter kvart over heile verda. Bilettane var så ettertrakta at turnéen til slutt varte tre år. Ein konsert vart gjeve ut på CD og DVD kalla In the Flesh Live.

I juni 2002 spela Waters på Glastonbury Festival, og spelte mange klassiske Pink Floyd-songar. Dette var første gong eit spesielt høgtalarsystem vart sett ut blant publikum slik at lyden tilsynelatane flytta seg rundt i folkemengda. Miramax films annonserte i midten av 2004 at The Wall skulle settjast opp på Broadway der Waters skulle ha ei framtredane rolle i produksjonen av musikalen. Rapportar seier at musikalen skal innehelde andre Pink Floyd-songar i tillegg til The Wall.[6]

1. mai 2004 vart ouverturen for Ça Ira spelt på Utvidinga av EU-feiringa på Malta. Hendinga vart send på TV i alle EU-landa.[7]

I september 2004 gav Waters ut to nye spor, «To Kill the Child» og «Leaving Beirut», men berre på Internet. Begge desse spora var inspirert av invasjonen av Irak i 2003. Waters, som for tida bur i USA, har sagt at han skreiv songane like etter krigen starta, men at han venta med å gje dei ut til presidentvalet i 2004 i håp om at George W. Bush ikkje skulle vinne valet. Teksten er lite subtil, med linjer som «Oh George! Oh George! That Texas education must have fucked you up when you were very small» (frå «Leaving Beirut»). Sjølv om songane i hovudsak kritiserte den amerikanske regjeringa er Tony Blair og nemnd: «Not in my name, Tony, you great war leader».

Etter jordskjelv- og tsunamikatastrofa i Indiahavet i jula 2004 framførte Waters «Wish You Were Here» i lag med Eric ClaptonNBC sin veldedigheitskonsert.

Waters og Pink Floyd vart gjenforeint i 2005 for ein enkelt konsert under Live 8 i London.[8] Dei spelte seks songar i løpet av 23 minutt, inkludert «Speak to Me/ Breathe/ Breathe (reprise)/ Money/ Wish you were Here/ Comfortably Numb». Før dei gjekk vidare til «Wish You Were Here», sa Waters:

«It's actually quite emotional standing up here with these three guys after all these years. Standing to be counted with the rest of you. Anyway, we're doing this for everyone who's not here, but particularly, of course, for Syd.»

Waters fortalte pressa etter konserten at opplevinga med å spele med Pink Floyd igjen var positiv, men at det var lite sannsynleg at dei vart gjenforent på grunn av dei forskjellige musikalske og ideologiske skilnadane mellom han og Gilmour.

Waters har uttalt at han arbeider på to nye soloalbum. Det eine har arbeidstittelen Heartland, og to songar som sannsynlegvis kjem på dette albumet vart gjeve ut på samlealbumet Flickering Flame: The Solo Years Vol. 1: «Each Small Candle» og «Flickering Flame». Det andre albumet handlar om kjærleik.

Roger Waters i Vestlandshallen i Bergen, 29. april 2007, under opninggssongen «In the Flesh»

I februar 2005 vart det kunngjort på Roger Waters si internetside at operaen hans Ça Ira no var ferdig etter 16 år. Den vart gjeve ut på CD og DVD av Sony Classical 27. september 2005 med barytonsongar Bryn Terfel, sopransongar Ying Huang og tenoren Paul Groves. Den originale librettoen var skrive på fransk av den avødøde Étienne Roda-Gil, som sette handlinga i operaen til dei optimistiske dagane tidleg i Den franske revolusjonen. Frå 1997 omsette Roger Waters librettoen til engelsk. Operaen nådde førsteplass på listene for klassisk musikk både i Storbritannia og USA.

Sommaren 2006 turnerte Roger Waters i Europa og Nord-Amerika på turnéen kalla The Dark Side of the Moon Live Tour. Her spelte han heile albumet The Dark Side Of The Moon med utførleg scenedesign av Mark Fisher (som gjorde det same for Pink Floyd på turnéane sidan 1987), lysprojeksjonar og eit 360-graders kvadrofonisk lydsystem. Sommaren 2006 spela han både i Oslo og Stavanger, og 29. april 2007 i Bergen. Tidlegare bandkollega Nick Mason vart med på enkelte av konsertane under turnéen. Richard Wright vart òg invitert med på turnéen, men han avslo forslaget sidan han arbeida med eigne soloprosjekt.[9]

Fakta[endre | endre wikiteksten]

  • Waters brukte ein Rickenbacker 4001 bassgitar den tidlege perioden med Pink Floyd, og bytta så til Fender Precision Bass tidleg på 70-talet, som han framleis brukar i dag.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

For platene med Pink Floyd, sjå Pink Floyd-diskografi

28. november 1970 Music from «The Body»
28. mai 1984 The Pros and Cons of Hitch Hiking
16. mai 1986 When the Wind Blows
15. juni 1987 Radio K.A.O.S.
21. juli 1990 The Wall Live in Berlin
1. september 1992 Amused to Death
15. desember 2000 In the Flesh: Live
2. april 2002 Flickering Flame: The Solo Years Vol. 1
2004 To Kill the Child/Leaving Beirut
26. september 2005 Ça Ira

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. «Pink Floyd in Cambridge». Henta 18. oktober 2006. 
  2. «David Gilmour Interview». Arkivert frå originalen 3. september 2010. Henta 16. oktober 2006. 
  3. All Media Guide. «"Amused to Death" review». Henta 16. oktober 2006. 
  4. Rolling Stone. «"The Pros and Cons of Hitch Hiking" review». Arkivert frå originalen 18. januar 2007. Henta 16. oktober 2006. 
  5. All Music Guide
  6. BBC News. «Pink Floyd's Wall Broadway bound». Henta 16. oktober 2006. 
  7. ZDF. «Welcome Europe!» (PDF). Henta 16. oktober 2006. 
  8. Povey 2008, pp. 237, 266–267.
  9. Brain Damage. «2006 North American Tour Full Details». Arkivert frå originalen 4. oktober 2006. Henta 30. desember 2006. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Roger Waters