John Cale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
John Cale i 2006

John Cale (fødd 9. mars 1942) er ein walisisk musikar, og var saman med Lou Reed ein av hovudpersonane i den stilskapande rockegruppa Velvet Underground. Cale, som har klassisk skolering, var kanskje ein av dei viktigaste bidragsytarane til Velvet Undergrounds tidlege eksperimentelle lydbilete. Cale slutta i bandet etter albumet White Light/White Heat, og har sidan gjeven ut ei rekkje soloalbum og samarbeidsprosjekt både innan rock og klassisk musikk.

I 2003 gav han ut sitt første soloalbum på 7 år, HoboSapiens, som hadde sterke innslag av moderne elektronisk musikk. To år seinare, i 2005 gav han ut oppfølgjaren blackAcetate som musikalsk sett heldt fram i noko av det same sporet som forgjengaren.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Vintage Violence (1970)
  • Church of Anthrax (med Terry Riley; 1971)
  • The Academy in Peril (1972)
  • Paris 1919 (1973)
  • Fear (1974)
  • Slow Dazzle (1975)
  • Helen of Troy (1975)
  • Honi Soit (1981)
  • Music for a New Society (1982)
  • Caribbean Sunset (1984)
  • Artificial Intelligence (1985)
  • Words for the Dying (1989)
  • Songs for Drella (med Lou Reed; 1990)
  • Wrong Way Up (med Brian Eno; 1990)
  • Last Day on Earth (med Bob Neuwirth; 1994)
  • Walking on Locusts (1996)
  • HoboSapiens (2003)
  • blackAcetate (2005)
  • Shifty Adventures in Nookie Wood (2012)