Baba Jaga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Baba Jaga, slik den russiske biletkunstnaren Ivan Bilibin meinte ho ser ut når ho fer ikring i mortaren sin.
Baba Jagas hytte, teikna av Ivan Bilibin.

Baba Jaga (på russisk: Баба-Яга) er ei kvinneliknande framtoning som er kjent frå ei stor mengd russiske og polske folkeeventyr, og som ein reknar med har opphav i førkristen slavisk mytologi. Eit viktig drag ved ho er at ho skil seg frå dei menneskelege kvinnene ved aldri å ha skaut på hovudet, og dette var ei særs skandaløs framferd i dei slaviske bondesamfunna i gamal tid. I dei fleste av eventyra er ho skildra som ei brutal og forferdeleg gamal kvinne, ei heks som ynskjer å ete menneske, framfor alt born. I eventyret Villgjæsene eller Gåse-svanene (russiske Гуси-лебеди), nytter ho seg av gjæs for å bortføre smågutar for å kunne ete dei. Lukkelegvis vert desse borna redda av systera til Baba Jaga, som kom til staden i rett tid og fekk hjelp av eit epletre, ein omn og ei elv. Men det finst òg eventyr som skildrar Baba Jaga sjølv som ein god hjelpar, ei som er gjestmild andsynes ein vanlegvis sterk og vakker ung mann, og gjev han nyttige råd.

Baba Jaga vert ofte framstilt med eit einaste bein i staden for dei to som menneska har. Ho bur i ei dør- og vindaugelaus hytte som står på hønseføter langt inne i dei djupe skogane, og ho kan få hytta til å løpe på desse føtene. Dessutan har ho evna til å reise gjennom lufta i ein mortar som ho ror fram med støytaren medan ho sletter ut spora etter seg med ei sopelime. Ofte varslar ein uvêrsstorm at ho er i kjømda. Ho er òg i stand til å knekke store tre og eta dei.

Somme eventyr handlar om ikkje berre ei Baba Jaga, men fleire; dei kan til dømes vere tre systrer som bur eit stykke veg frå kvarandre. I nokre eventyr har Baba Jaga ei eller fleire døtrer som kan vere snille eller fulle av vondskap.

Klassiske komposisjonar inspirert av Baba Jaga-eventyra[endre | endre wikiteksten]

  • Modest Musorgskij har i komposisjonen Bilete på ei utstilling frå 1874 ein bolk, ein scherzo, som har som tema Baba Jaga og hytta hennar på hønseføter.
  • Pjotr Tsjajkovskij har òg Baba Jaga som tema i eit stykke kalla Heksa (Baba Jaga) i hans Album for born (opus 39) frå 1878.
  • Anatolij Ljadov (Анато́лий Константи́нович Ля́дов, 11. mai 1855-28. august 1914), er likeeins ein russisk komponist som har gjort seg nytte av eventyra om Baba Jaga, i komposisjonen Baba Jaga (opus 56) frå 1903-1904.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Baba Jaga