Bilete på ei utstilling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Omslaget til fyrsteutgåva i 1886 av notane til Bilete på ei utstilling (Tableaux d'une exposition).

Bilete på ei utstilling, russisk tittel: Картинки с выставки – Воспоминание о Викторе Гартмане «Bilete frå ei utstilling – Til minne om Victor Hartmann» (fransk tittel: Tableaux d'une exposition) er ein pianosuite i ti bolkar som den russiske komponisten Modest Musorgskij komponerte i 1874 som ein heider til sin gode ven, den russiske biletkunstnaren og arkitekten Viktor Hartmann, som døydde 4. august 1873. Verket vart dedisert til musikkologen, librettisten og kunstkritikaren Vladimir Vasilievitch Stasov (1824-1906), som hadde vore involvert i namnsettinga av verket.

Pianoverket Bilete på ei utstilling har seinare vorte instrumentert og transkribert på tallause måtar. Men det er den instrumenteringa for symfoniorkester som den franske komponisten Maurice Ravel stod for, framført fyrste gongen i Paris 19. oktober 1922, som har gjort verket vidgjeten, og som har vorte den mest framført versjonen i både konsertsalane og som plateinnspelingar.

Tittelen på komposisjonen syner til ein utstilling som venar av Viktor Hartmann hadde fått skipa til på Det keisarlege kunstakademiet i St. Petersburg i februar og mars 1874 av verka hans etter at han hadde døydd året før, berre 39 år gamal. Det hadde gjort sterkt inntrykk på Musorgskij og fleire andre at Viktor Hartmann hadde døydd, og utstillinga var kome i stand for å minnast han.

Musorgskij har lagt opp komposisjonen som ei vandring gjennom denne utstillinga, med ei musikalsk skildring av einskilde verk og stutte mellomspel som illustrerer vandringa frå rom til rom der verka er å sjå. Men komposisjonen vart ikkje publisert før i 1886, fem år etter at Musorgskij døydde. Då hadde Musorgskijs nære ven, komponisten Nikolaj Rimskij-Korsakov, gjort ei lett omarbeiding av komposisjonen.

Verket er delt inn i fylgjande bolkar I - X, og kvar bolk referer seg altså til eit av målarstykka på utstillinga: Promenade, I. Gnomus (Gnomen), promenade (det står ingen tittel i originalen for denne og dei fylgjande promenadane), II. Il vecchio castello (Det gamle slottet), promenade, III. Tuileries (Dispute d'enfants après jeux) (Tuileriene (samtale mellom borna etter leiken)), IV. Bydło (oksevognen), promenade, V. Балет невылупившихся птенцов (Den uklekka kjuklingens ballett), VI. «Samuel» Goldenberg und «Schmuÿle», promenade, VII. Limoges. Le marché (La grande nouvelle) (Limoges. Torget. (Det store nyhende)), VIII. Catacombae (Sepulcrum romanum) (Katakombene (romerske kryptar)), Cum mortuis in lingua mortua (tittel på ein versjon av promenade), IX. Избушка на курьих ножках (Баба-Яга) (Hytta på hønseføter (Baba Jaga)), X. Богатырские ворота (В стольном городе во Киеве) (Helteporten (i den gamle hovudstaden Kiev)).

Sju av dei verka av Viktor Hartmann som her er skildra musikalsk av Musorgskij har vorte identifiserte, men eitt av dei, III Tuileries, er gått tapt seinare. Dei andre seks verka er:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bilete på ei utstilling