Bachisen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 72°S 72°W
Bachisen
isbrem
none  Isbremmar på Den antarktiske halvøya. Bach i nedre hjørnet.[1]
Isbremmar på Den antarktiske halvøya. Bach i nedre hjørnet.[1]
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Oates Land
 - koordinatar 72°S 72°W
Lengd 70 km
Administrert under Antarktistraktaten
Bachisen is located in Antarktis
Bachisen (Antarktis)

Bachisen er ein isbrem med uregelmessig form og ei lengd på kring 70 km som ligg i ei bukt sør på Aleksanderøya mellom Berlioz Point og Rossini Point. Isbremmen ligg opp mot sørsida av Beethoven Peninsula, langs med nokre mindre halvøyar og bukter (Weberfjorden, Boccherinifjorden etc.) Bachisen ligg òg på nordsida av Monteverdi Peninsula. Ein mindre bukt her vart først nedteikna på kart frå U.S. Antarctic Service, som utforska den sørlege delen på Aleksanderøya frå lufta og frå bakken i 1940. Isbremmen vart skissert av Derek J.H. Searle frå Falkland Islands Dependencies Survey i 1960 frå flyfoto tekne av Ronne Antarctic Research Expedition i 1947–48. Han vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee etter den tyske komponist Johann Sebastian Bach.

I 2009 vart Bachisen oppført som ein av fem isbremmar på Den antarktiske halvøya som ikkje var i tilbaketrekking, men sidan den nærliggande Wilkinsisen trekkjer seg sørover, er det eit teikn på at Bachisen kan vere den neste som kjem i faresonen.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 A. J. Cook; D. G. Vaughan (2009). «Ice shelf changes på Antartic Peninsula». The Cryosphere Discussions 3: 579-630.