Bakke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bakke kyrkje

Bakke er ein tidlegare kommune i Vest-Agder fylke og eit kyrkjesokn i Lister prosti.

Namnet til kommunen og soknet kjem frå garden Bakke ved Sira, som har vore kyrkjestad for soknet sidan mellomalderen.

Kommunesoge[endre | endre wikiteksten]

Bakke blei oppretta som formannskapsdistrikt i 1838. Fram til 1848 femnde kommunen Bakke, Gyland, Tonstad og Øvre Sirdal. I 1849 blei Tonstad og Øvre Sirdal skilde ut som Sirdal kommune, og i 1894 vart Gyland skild ut som eigen kommune.

I 1965 blei Bakke, Nes, Hidra og Gyland slått saman med Flekkefjord bykommune til storkommunen Flekkefjord.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Per Tang (1948). «Bakke». I Arnulv Sudman. Norsk Allkunnebok I. Oslo: Fonna. s. 744-745.  [sidetalet viser til kolonnetal (to kolonnar pr. side)]
  • Lars Ramsli (2002). Bakke bygdebok : gards- og slektshistorie I-II. Flekkefjord: Flekkefjord historielag/Bakke bygdeboknemnd. ISBN 8299397014.