Balatonsjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Balatonsjøen
Balatonsjøen -
Balatonsjøen - Plasseringa til Balatonsjøen i Ungarn
Plasseringa til Balatonsjøen i Ungarn
Stad Ungarn
Koordinatar 46°50′N 17°44′EKoordinatar: 46°50′N 17°44′E
Type innsjø Riftsjø
Tilsig Zala
Utsig Sió
Tilsigsområde 5 181 km²
Tilknytte land Ungarn
Største lengde 77 km
Største breidde 14 km
Overflateareal 592 km²
Middeldjupne 3,2 m
Største djupne 12,2 m
Vassvolum 1,9 km³
Kystlengd1 236 km
Høgd over havet 104,8 m
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Balatonsjøen i Ungarn er den største innsjøen i Sentral-Europa. Sidan Ungarn er omgjeve av land, vert han stundom kalla «Den ungarske sjøen». Elva Zala er den største vasskjelda for innsjøen og den kanaliserte Sió er det einaste utsiget. Innsjøen er ikkje meir enn 12 m på det djupaste og har av den grunn stundom vorte kalla «Den største sølepytten i Europa».

Balatonsjøen dekkjer eit areal på 592 km² har ei lengd på 77 km og er mellom 4 og 14 km brei. Vassflata ligg 104 meter over havet og middeldjupet er 3,2 m.

Namn[endre | endre wikiteksten]

ungarsk vart innsjøen kalla Balaton (kallenamn Balcsi); på latinsk Lacus Pelso, på tysk Plattensee, på slovakisk Blatenské jazero og på serbisk Blatno Jezero eller Блатно Језеро.

Namnet tyder noko slikt som «gjørmete innsjø» på slavisk. Det ungarske namnet kjem av det slaviske namnet, men har ikkje ei konkret tyding på ungarsk i dag.

Romarane kalla innsjøen Lacus Pelso, som tyder «grunn innsjø» på latinsk. Germanarar som budde i området kalla han for Plattensee, som har same tyding som på latin.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Balatonsjøen påverkar den lokale nedbørsfordelinga. Området får om lag 50-70 mm meir nedbør enn resten av landet, som er om lag 10 % av den normale årsnedbøren dei fleste stader i Ungarn. Årsaka til dette er at sjøen er ei kjelde til vassdamp, som lufta fangar opp ved fordamping når ho bles over sjøen. Når lufta så vert heva over land igjen kondenserer ho og gjev meir regn enn i resten av Ungarn. Balatonsjøen er òg svært grunn for ein så stor innsjø, og dette gjer at han lett vert varma raskt opp om sommaren. Ein varm innsjø vil òg føre til auka fordamping som igjen virkar inn på nedbørsfordelinga. I tillegg har området fleire dagar med overskya vêr og mindre temperaturvariasjonar. På kalde vintrar frys som regel innsjøen til.

Balatonsjøen gjev òg eit klima som gjer området ideelt for dyrking av vindruer. Reflekterande stråler frå innsjøen doblar mengda av sollys som vindruene får.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Dei største feriestadane rundt innsjøen er Siófok, Keszthely og Balatonfüred. Siófok vert ofte kalla «Partyhovudstaden i Ungarn» og trekkjer til seg mange ungdomar om sommaren med sine mange diskotek. I Keszthely ligg det kjende Festeticspalasset og Balatonfüred er ein historisk badeby.

Om sommaren har innsjøen ein gjennomsnittstemperatur på 25 °C. Dei fleste strendene består anten av gras, steinar eller avleiringar. Mange av turiststadane har kunstige sandstrender. Andre turistattraksjonar er segling, fiske og anna vassport. Tihanyhalvøya er eit historisk distrikt. Badacsony er ein kjend vulkan og eit vinområde ved sida av innsjøen.

Byar og tettstadar[endre | endre wikiteksten]

Byar og tettstadar langs Balatonsjøen.

Nordsida[endre | endre wikiteksten]

Frå aust til vest:

Balatonfőkajár - Balatonakarattya - Balatonkenese - Balatonfűzfő - Balatonalmádi - Alsóörs - Paloznak - Csopak - Arács - Balatonfüred - Tihany - Aszófő - Örvényes - Balatonudvari - Fövenyes - Balatonakali - Zánka - Balatonszepezd - Szepezdfürdő - Révfülöp - Pálköve - Ábrahámhegy - Balatonrendes - Badacsonytomaj - Badacsony - Badacsonytördemic - Szigliget - Balatonederics - Balatongyörök - Vonyarcvashegy - Gyenesdiás - Keszthely

Sørsida[endre | endre wikiteksten]

Frå aust til vest:

Balatonakarattya - Balatonaliga - Balatonvilágos - Sóstó - Szabadifürdo - Siófok - Széplak - Zamárdi - Szántód - Balatonföldvár - Balatonszárszó - Balatonszemes - Balatonlelle - Balatonboglár - Fonyód - Bélatelep - Balatonfenyves - Balatonmáriafürdő - Balatonkeresztúr - Balatonberény - Fenékpuszta

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Balatonsjøen

Kjelde[endre | endre wikiteksten]