Hel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hermod framfor Hel. Illustrasjon av John Charles Dollman frå 1909.
Moderne framstilling av Hel som halvt menneskekvinne og halvt beinrangel.

Hel er herskarinna over det kalde dødsriket Hel eller Helheim i den norrøne mytologien.

Mytologi[endre | endre wikiteksten]

Hel er meir enn halvt jotun, i og med at ho er dotter av Loke og Angerboda. Midgardsormen og Fenrisulven er syskena hennar, og dei vart oppfostra saman i Jotunheim. Vale, Narve og hesten Sleipner er halvsyskena hennar.

Kroppsfargen hennar er halvt vanleg eller kvit, og halvt likfargasvart eller blå. Ho skal sjå sur og barsk ut. Halvdelen av andletet er vent å sjå til, til liks med faren. Den andre halvdelen er stygg og uformeleg til liks med mora.

Det var Odin som kasta henne ned til Nivlheim, ettersom han var redd for kva Hel og brørne hennar kunne gjera mot æsene. Ho fekk herredømet der og bygde eit rike som vart kalla Hel eller Helheim. Helheimen var ikkje eit helvete som ein vart sendt til som straff for vonde gjerningar, han minna meir om andre gamle europeiske dødsrike, til dømes det greske Hades. Snorre seier at alle som døyr av elde eller sjukdom hamnar hjå henne, men truleg kom alle som ikkje vart henta av valkyrjene til Valhall dit.

Balder, som vart skoten av ei pil under leik, hamna mellom anna hos Hel. Odin sende sonen sin Hermod til Hel for å få henne til å gje Balder lov til å venda attende til Åsgard. Hel gjekk med på dette med det vilkåret at alle skapnadar i verda skulle gråta for Balder. Frigg gjekk kringom og fekk alt og alle til å gråta for Balder. Loke skapa seg om til ei jotunkvinne kalla Thokk. Då Frigg spurde jotunkvinna nekta ho å gråta. Slik gjekk det til at Balder må vera i Helheim heilt til Ragnarok.

I Nivlheim eig Hel store gardar. Hallen til Hel heiter Eljudnir, som tyder 'den regnvåte'. Ho et frå fatet Hunger og bruker kniven Svolt. Dørterskelen hennar heiter Fallande fare, senga Kør ('sjukeseng'), medan sengeforhenget heiter Brokete ulukke. Ho har to tenarar, trælen Ganglati og trælkvinna Ganglot. Begge har namn som tyder 'sein' eller 'treig', og er så seine at ingen kan sjå om dei kjem eller går, eller om dei rører seg i det heile.

Hel og Ragnarok[endre | endre wikiteksten]

Når Ragnarok kjem vil ormen Nidhogg gnaga laust rota som held Nivlheim fast til livstreet Yggdrasil. Hel vil i kampen velja side mot æsene. Ho vil ta dei døde med seg i eit skip opp frå Nivlheim og kjempa saman med faren Loke og jotnane. Hel gjev ordre om at ingen døde gudar skal få vera med, men Balder og Hod klarer å lura seg med. Hel vil døy i kampen på sletta Vigrid, drepen av Liv og Livtrase. Det vil gje Balder og Hod høve til å vera med i kampen. Medan Hel lever vil dei halda seg unna, i frykt for at Hel kan kontrollera dei til liks med andre døde.

Namnet og ordet Hel[endre | endre wikiteksten]

Ordet Hel ligg til grunn for mange ord og uttrykk. Den engelske nemninga Hell for helvete kjem av namnet Hel. Av andre uttrykk kan nemnast «å slå i hel» og «Helvete», som er ei blanding av Hel og viti, 'straff'. I båe tilfella tyder «Hel» 'død'. Namnet Hel tydde opphavleg 'den/det som skjuler'. Førestillinga om Hel og dødsriket hennar er rekna å vera mykje eldre enn tanken om Valhall.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hel